Menuett
Ein menuett er ein gammal fransk dans frå 1600-talet, eller musikk til denne dansen. Han går i 3/4-takt og vert dansa med langsame, små steg (pas menus på fransk, og derfor namnet).
Menuetten skal skrive seg frå ein fransk folkedans, branle, som vart dansa i mange former over heile landet frå mellomalderen av. Nokre av desse formene var i 3/4-takt. Den mest kjente varianten var Branle de Poitou, som med tida vart kjent under namnet «menuett». Dansen vart lansert i Paris omkring 1660 da Ludvig XIV bygde opp den kongelege balletten sin. Frå slutten av 1600-talet vart menuetten fast innslag i dansesuiten, gjerne som siste eller nest siste nummer. At han vert plassert så seint i danserekka seier noko om alderen på dansen i forhold til dei andre. Menuetten var særs populær og heldt fram frå dansesuiten over i sonate og symfoni.
Menuetten har i utgangspunktet ikkje opptakt og vert spelt i eit roleg tempo. I wienerklassisismen høyrer vi derimot ofte at Haydn og Mozart lèt sine symfoni-menuettar starte med opptakt og at dei går raskare enn menuettane frå 1600-talet. Danserytmen og føringa i desse menuettane minner dermed meir om vals eller folkedansen ländler som var særs populære i Austerrike opp mot 1800. Menuetten var dermed vorte ein anakronisme og Haydn kunne ofte gå over til å kalle tredjesatsen sin ein scherzo.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Menuett» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2010.