Mer de Glace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mer de Glace

Mer de Glace (Ishav) er ein isbre på nordsida av Mont Blanc-massivet i Alpane. Han er 5,6 km lang og 200 meter tjukk med eit areal på 40 km², og er den nest lengste breen i Alpane etter Aletsch i Sveits.

Breen byrjar i ei høgd på 3 900 meter, og stig ned 1 400 m. Han var tidlegare godt synleg frå Chamonix, men har i dag trekt seg så pass tilbake at han no berre så vidt er synleg nedanfrå.

Mer de Glace, som alle isbrear, vert heile tida fornya gjennom prosessane akkumulering av snø, og smelting. Mer de Glace sig sakte nedover heile tida under si eiga vekt, og dannar bresprekker, isblokker eller lommer der vatn kan dannast.

Sjølv om ein ikkje kan sjå det med det blotte auge, er farten til isbreen stor. Han varierer frå meir enn 120 meter i året i dei øvre delane til om lag 90 meter kvart år i området nær Montenvers, som er om lag ein centimeter i timen.

Så snart spenninga aukar, vert isbreen deformert og det oppstår bresprekker. Desse går stort sett på tvers. I periodar med stor bresprekkdanning, dannar oppbrytinga av isbreen isblokker. Blokkene har forskjellig høgd etter kor dei vert danna, men kan verte 50 meter høge. Dei oppstår alltid på same stad på grunn av utforminga av dalen.

Fire andre isbrear vert stundom, kanskje feilaktig, rekna som ein del av Mer de Glace. Desse er Glacier de Telèfre, Glacier de Leschaux, Glacier du Tacul og Glacier du Géant.

Straumproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Brevatnet som kjem frå Mer de Glace vert til visse tider av året nytta av Électricité de France til produksjon av vasskraft. Tunnelar under isbreen samlar vatn frå botn av breen og ned til vasskraftverket lenger nede i dalen. Dette vatnet vert slept ut i elva Arveyron lenger nede.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]