Mercedes-Benz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mercedes-Benz
Skipa 1926
Type Aksjeselskap
Land Tyskland
Hovudkontor Stuttgart
Produkt Motorkjøretøy
Nettstad www.mercedes-benz.de
Mercedes-Benz frå 1927, med den klassiske stjerna

Mercedes-Benz (eller berre Mercedes) er eit tysk føretak som produserer personbilar, bussar, lastebilar og traktorar. Mercedes-Benz er ein divisjon av konsernet Daimler AG og har opphav frå dei to tyske ingeniørane Karl Friedrich Benz og Gottlieb Daimler som uavhengig av kvarandre utvikla forbrenningsmotoren, kvar for seg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kopi av "Benz Patent Motorwagen" frå 1885.

Benz & Cie. Rheinische Gasmotorenfabrik vart skipa i 1883, i den tyske byen Mannheim. Her utvikla Karl Benz Motorwagen, verdas første bensindrivne bil og patenterte den i 1886. Bilen hadde tre hjul og blei styrt via framhjulet, medan bakhjula bar passasjerar og motor.

Daimler var, på den andre sida, teknisk leiar i ein motorfabrikk. Her fekk han interesse for firetaktsmotoren utvikla av Otto and Langen. Han forlét fabrikken og bygde si eigen verkstad i 1882. I 1884 skapa han sin egen motor og plasserte den på ein sykkel. I 1886 bestilte han ei vogn til fødesldagspresang for kona og monterte motor i den. Det vart verdas første 4-hjulsdrivne motorvogn.

Daimler tilsette så 23 handplukka arbeidarar til å jobbe for seg. I 1890 vart "Daimler-Motoren-Gesellschaft" skipa av Daimler og nokre andre investorar, men etterkvart vart han sjuk og døydde i 1900.

I 1926 slo Benz & Cie. Rheinische Gasmotorenfabrik og Daimler-Motoren-Gesellschaft seg saman og vart til Daimler-Benz AG.

Karl Benz levde fram til 1929 og sat i styret som lenge han levde.

Mercedes[endre | endre wikiteksten]

Namnet Mercedes kjem frå dottera til den jødiske generalkonsulen for Austerrike-Ungarn i Nice, Emil Jellinek. Jelinek hadde kjøpt ei rekkje bilar av Daimler, heile 34 bilar då Gottlieb Daimler døydde i 1900. Jellinek la så inn ei bestilling på 36 bilar etter eigne teikningar og krov at bilen skulle kallast opp etter eldstedottera. Mercedes 35 hp vart lagt ut for sal i 1901 og grunna suksessen til modellen, byrja DMG å gje Mercedes-namnet til andre modellar, som til dømes Mercedes 8/11 hp og Mercedes 40 hp Simplex. Jellinek endra seinare namnet sitt til Emil Jellinek-Mercedes.

Ettersom Daimler hadde seld lisensrettane til namnet sitt i Frankrike og England, fall namnet bort. Det nye føretaket selde istaden bilane under namnet Mercedes-Benz. Den trefota stjerna som er logoen til Mecredes-Benz, representerer mottoet til Gottlieb Daimler: "Motorar til land, luft og hav".

Mercedes Benz innan motorsport[endre | endre wikiteksten]

Mercedes-Benz W165 frå 1939.

Dei to selskapa Benz og Daimler hadde alt før samanslåinga i 1926, stor suksess innan motorsporten. Dette fortsette etter samanslåinga, og "Sølvpilen" vart eit kallenamn på dei dominerande Grand Prix bilane som Mercedes Benz og konkurrenten Auto Union hadde på 1930-talet.

I 1952 vann Hermann Lang og Fritz Riess 24-timarsløpet i Le Mans, med ein Mercedes-Benz 300SL. I 1989 vann Mercedes ein dobbelsiger, då Team Sauber Mercedes sikra både første- og andreplassen i 24-timarsløpet.

Amerikanaren Al Unser Jr vann Indianapolis 500 i 1994 med ein Penske-Mercedes IndyCar. Mercedes har elles ikkje tatt del i amerikansk racing sidan år 2000.

Mercedes-Benz er pr. 2009 aktiv innan formel 1, formel 3 og DTM. Mercedes-Benz er deleigar i formel-1 laget McLaren-Mercedes og leverer bilar som fungerer som safety car til formel 1 og ei rekkje andre sportar.

Mercedes-Benz i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Mercedes-Benz Vito i norske politifargar

Mercedes-Benz hadde ingen norsk forhandlar på slutten av 1920-åra. Etterkvart byrja Bertel O. Steen å importere, men berre nyttekøyretøy. Steen hadde allereie agentur på personbilar frå Horch. Istaden kom andre lokale importørar i Bergen, Trondheim og Stavanger. Det vart ikkje før 1960 at all norsk import av Mercedes-Benz vart gjort av ein leverandør, Bertel O. Steen. I 1965 var det 11 000 Mercedesar som rulla på norske vegar. I 1986 var talet oppe i 40000 og i 1997 var det 75.000.

Den første skotsikre VIP-bilen i Noreg, ein Mercedes 500 SEL er utstilt ved Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Personbilmodellar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Mercedes SLK-Klasse

Modellar til sals i 2008:

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mercedes-Benz