Mercedes Benz av Janis Joplin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mercedes-stjerne.
Joplin hadde sjølv ein Porsche.
Foto: Sergio Calleja

«Mercedes Benz» er ein a cappella-song framført av Janis Joplin. Han vart spelt inn 1. oktober 1970, på første forsøk.[1] Han var den siste songen Joplin spelte inn før ho døydde tre dagar seinare, den 4. oktober (ho spelte òg inn eit par useriøse vers av «Happy Birthday» til John Lennon) .

Janis Joplin skreiv «Mercedes Benz» i lag med diktarane Michael McClure og Bob Neuwirth. Songen er ein ironisk kritikk av forbrukarsamfunnet som voks fram i etterkrigstida, og som ho sjølv var ein del av.[2] Songaren ber til Gud om å gje ho mellom anna ein Mercedes, eit fargefjernsyn og «ein kveld på byn». I innspelinga introduserer Joplin han som «ein sosialt og politisk viktig song», og avlutter han med ein latter.[3]

«Mercedes Benz» kom ut på albumet Pearl (1971). Han blei seinare remiksa med instrument og gjeve ut slik i 2003.

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta fleire gong i bilreklamar. Mercedes-Benz har sjølv nytta songen i reklamar for bilane sine.[4] I 2007 nytta Mercedes-Benz songen igjen i ein reklame og igjen den 6. februar 2011 under ein reklame under Super Bowl.

I ein reklame for BMW Z3 lyttar sjåføren til eit lydband, og rynker panna etter at Mercedes-Benz vert nemnd, og kastar lydbandet ut av bilen etter at Porsche vert nemnd.

Songen vert nytta under opninga på den tyske filmen Der Baader Meinhof Komplex og i filmen Bangkok Hilton.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Elton John spelte songen ein kort perioden i 1971 under ein turne i Amerika.
  • Tidleg i 1970-åra spelte Dave Clark & Friends inn ei utgåve av songen, men han kom ikkje ut før i 2010.
  • I 1972 vart songen spelt av Goose Creek Symfoni, og vart den mest kjende songen deira.
  • I 1980 spelte Klaus Lage ein tyskspråkleg versjon av songen.
  • I 1990 spelte den amerikanske bluesartisten Taj Mahal songen på Blue Light Boogie.
  • I 1992 spelte den fransk-kandiske popstjerna Mitsou ein dance-pop-versjon av songen.
  • I 1994 gav Bob Rivers ut ein parodi på songen kalla «Honda Accord».
  • I 1995 vart songen spelt av det nederlandske pop/dance-bandet T-Spoon.
  • I 1997 vart det gjort ei utgåve av songen av den italienske pop/dance-songaren Spagna og gjeve ut som eit hemmeleg spor på Indivisibili.
  • I 1998 spelte den tidlegare rytmegitaristen i Guns N' Roses, Gilby Clarke ein versjon av songen på albumet Rubber.
  • Den finske kommediagruppa Eläkeläiset spelte i 1999 ein versjon av songen der dei bed om ein moped, eit maskingevær og ei oppblåsbar dokke.
  • I 1999 spelte den nederlandske pop/dance-gruppa T-Spoon songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pearl av Janis Joplin, Superseventies.com
  2. Eyerman & Jamison 1998, s. 134
  3. «...a song of great social and politcal import'.» Eyerman & Jamison 1998, s. 134
  4. Mercedes-Benz commercial, YouTube