Mercia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mercia (av gamalengelsk mearc, 'grensealand'[1]), var namnet på eit av dei sju angelsaksiske småkongedøma i England i tidleg mellomalder. Landet låg i den delen av England som i dag er kalla The Midlands, frå elva Trent til Wales.[1]

Kristent flagg for Mercia

Tidleg soge[endre | endre wikiteksten]

Arkeologane har funne spor etter angelsaksisk busetnad langsetter det øvre løpet av Themsen i løpet av 500-talet. Namnet svarar til det norrøne Mark (som i «Telemark»), og tyder eigna som ligg utom dei saksiske rika Wessex og Sussex. Mercia var for det meste bygd av anglarar. Det er hevda riket voks fram på markskilet mellom dei angelsaksiske områda og dei kymriske i dagens Wales.

Første kongen av Mercia heitte Creoda, som hevda han var oldebarn av Icel. Han tok makta i 565 og vart etterfølgd av sonen Pybba i 593. Cearl, ein frende av Pybba, tok over i 606. Han gav dottera si, Cwenburga, i ekte til kongen i Deira, Edwin, som hadde fått ly i Mercia på grunn av ufred nordpå. Penda rådde i Mercia frå 626 eller 633 til 655. Beda Venerabilis gav ikkje Penda noko godt ettermæle, mykje av di han var heidning, og noko av di han låg i strid med Northumberland, heimlandet til Beda. Penda fall i kamp mot kong Oswiu av Northumberland i 655.

Dette førde til at Mercia vart svekka ei tid. I åra som følgde vart det strid om makta mellom sønene til Penda og kongane i Northumberland. Ætlingane etter Penda døydde ut i 709.

Mercia kom seg ikkje opp att før under kong Æthelbald, som samla riket att, men låg i krig med Wessex. Æthelbald var den første kongen av Mercia som vann nemninga Bretwalda, drott for heile øyriket. Han vart drepen i 757.

Offa av Mercia[endre | endre wikiteksten]

Offa, som kom til makta etter Æthelbald, vert rekna som ein av dei gjævaste kongane i tidleg engelsk soge. Han vann fram etter ein borgarkrig i landet. Offa rådde klokt, vann seg stort velde og samrådde jamvel med Karl den store. Han la óg vinn på administrere den katolske kyrkja på øya. Under Offa reknar ein med Béowulf-kvadet vart til.

Etter at Offa døydde vart det strid mellom ervingane hans, og samstundes vann Wessex fram under kong Egberth. Wessex vann over Mercia i Slaget ved Ellendun i 825. Frå då av minka Mercia og kom med tida under Wessex.

Danelagen[endre | endre wikiteksten]

Siste kongen av Mercia, Burgred, vart jaga ut av dei danske vikingane som tok seg inn i England utover på 800-talet. Austre luten av Mercia, bortom Watling Street, vart del av Danelagen, medan resten gjekk til Wessex. Frå då av vart det ikkje lenger kongar i Mercia, men ealdormen under veldet til kongen i Wessex.

Arv etter Mercia[endre | endre wikiteksten]

Den mest synlege arven etter Mercia kan ein finne i verka til J.R.R. Tolkien, som bygde opp talemålet i Rohan etter mønster av den merciske dialekta av gamalengelsk. Mange andre ord, til dømes hobbit (Hol-bytlan), kan óg sporast til denne dialekten. Talemålet skilde seg frå Wessexmålet ved å sløyfe diftongar, slik at ein til dømes sa Scadu- i staden for Sceadu (Skugge), eller Marc i staden for Mearc.

Kongane i Mercia[endre | endre wikiteksten]

Ætta etter Icel[endre | endre wikiteksten]

Son av Éomer, siste kongen over anglarane i Europa. Førde folket over Nordsjøen til England.

Son av Icel.

Son av Cnebba.

Son av Cynewald. Det var han som truleg grunnla kongeborga ved Tamworth.

Son av Créoda. Utvida mercisk land til dei vestre Midlands.

Truleg bror eller søskjenbarn av Pybba.

Son av Pybba. Hevja Mercia til ein førande stilling mellom dei angelsaksiske kongerika. Siste heidne drott i England. Drepen i kamp med Osviv av Northumberland.

Bror av Penda. Samkonge. Fall i slag.

Son av Penda. Samkonge i dei søraustre Midlanda. Drepen.

Mercia vart hærteke og underlagt Northumberland ei stutt tid.

Bror av Péada. Tok att Mercisk rådvelde i England.

Bror av Wulfhere. Sa frå seg makta og gjekk i kloster ved Bardney.

Son av Wulfhere. Sa frå seg makta og reiste til Roma.

Son av Æþelred. Truleg drepen med gift.

Bror av Céolred. Det er mogleg han aldri har levd.

Soneson av Éowa. Tok kongevelde over heile øya 746. Drepen av Béornred.

Kronranar[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje kjend at han var skyld forgjengarane. Avsett av Offa den Mektige.

Ætta etter Offa[endre | endre wikiteksten]

Truleg tippoldebarn av Éowa. Største og sterkaste av alle kongane i Mercia. Han kravde kongsvelde over alle engelske land i 774. Bygde Offa's Dyke.

Son av Offa. Samkonge. Døydde brått nokre månader etter faren

Ætta etter Cœnwulf[endre | endre wikiteksten]

Gjorde krav på å vera ætling etter Pybba i sjuande ledd. Tok nemninga keisar.

Son av Cœnwulf. Samkonge. Drepen og seinare heilagkåra.

Bror av Cœnwulf. Avsett av Béornwulf.

Valde kongar[endre | endre wikiteksten]

Mogleg frende av Ceolwulf. Vald av den merciske Witan. Døydde i slag.

Vald av den merciske Witan. Døydde i slag.

Vald av den merciske Witan. Avsett av Egbert av Wessex.

Ei stutt tid vart Mercia teken av Egbert frå Wessex.

Sett inn att som konge, men frå denne tida førde ikkje Mercia dei engelske landa lenger.

Son av Wigláf, og verson av Céolwulf. Truleg samkonge.

Son av Wigmund. Sa frå seg kongsmakta og vart seinare drepen av Béorhtwulf.

Hevda han var søskjenbarn av Wigstan. Vald av den merciske Witan.

Vald av den merciske Witan. Rømde til Roma då Danene gjekk inn i landet.

Truleg son av Wigmund. Danene sette han opp som skuggeherskar.

Vald av den merciske Witan. Kanna Alfred av Wessex som overherre. Stundom rekna som 'éaldorman' meir enn 'konge', særleg av vestsaksarane.

Merciske fruver[endre | endre wikiteksten]

Enka etter Æþelred Mucil og dotter av Alfred of Wessex.

Dotter av Æþelflæd og Æþelred Mucil. Avsett av farbroren, Edward den eldre, som la Mercia under Wessex, og slik oppretta Kongedømet England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Imsen, Steinar. Mercia (14. januar 2013), Store norske leksikon. Henta 9. desember 2013.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!