Mercury-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete av romfartøyet Mercury.

Mercury-programmet var det første amerikanske romfartsprogrammet og oppstod som eit resultat av romkapløpet mellom USA og Sovjetunionen etter den andre verdskrigen. Målet med Mercury-programmet var å sende eit menneske i bane rundt jorda og vart utføyrd av det då nylege oppretta romfartsorganisajonen NASA. Mercury-programmet varte mellom 1959 til 1963. Den 12. april 1961 vart amerikanarne slått av Sovjetunionen. Ikkje før den 20. februar 1962 vart John Glenn om bord Mercury-Atlas 6 den første amerikanaren i bane rundt jorda.

Liste over bemanna romferder i Mercury-programmet[endre | endre wikiteksten]

Nr Dato År Logo Ferdsnamn Kallesignal Varigheit Mannskap Rampe Kommentar
Bemannede ferder
1 5. mai 1961 Mercury-Redstone 3 Freedom 7 15 m 28 s Alan Shepard Launch Complex 5 Første bemanna Mercury-romferd, med kapselen sendt i ballistisk bane
2 21. juli 1961 Mercury-Redstone 4 Liberty Bell 7 15 m 37 s "Gus" Grissom Launch Complex 5 Andre suborbitale ferd. Romskip sokk i havet før det kunne bergast.
3 20. feb 1962 Mercury-Atlas 6 Friendship 7 04t 55 m 23s John Glenn Complex 14 Første amerikanske astronaut i bane rundt Jorda
4 24. mai 1962 Mercury-Atlas 7 Aurora 7 04t 56 m 15s Scott Carpenter Complex 14 3 rundar rundt Jorda
5 3. okt. 1962 Mercury-Atlas 8 Sigma 7 09t 13 m 11s Wally Schirra Complex 14 6 rundar rundt Jorda
6 15. mai 1963 Mercury-Atlas 9 Faith 7 1 d 10 t 19 m 49 s Gordon Cooper Complex 14 Siste ferd i Mercury-programmet. Første Mercury-ferd som varte lengre enn ein dag.
Planlagd, men avlyst Mercury-ferd
7 Oktober 1963 Mercury-Atlas 10 Liberty Bell 7-II Alan Shepard Planlagd 3-dagars ferd. Kansellert den 13. juni 1963
Bilete av dei bemanna romferdene i Mercury-programmet