Meridional straum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meridionalt straummønster frå 23. oktober 2003. Legg merke til det kraftige tråget og ryggen i dette høgdemønsteret i 500 hPa.

Meridional straum er eit meteorologisk omgrep som tyder at den generelle straumen går i nord-sør retning langs Jorda sine lengdegradslinjer. Ekstratropiske syklonar i slike tilfelle er ofte kraftige og flyttar seg sakte. Lågtrykk med storm styrke blir danna i slike straummønster, men ein kan òg få uvanlege temperaturforhold som hete- og kuldebølgjer alt etter om luftstraumen går mot ekvator eller mot polane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]