Merlene Ottey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merlene Ottey


Statsborgarskap Slovenia, Jamaica
Fødd 10. mai 1960 (63 år)
Hanover Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Bislett-medaljen, offiser av Utmerkelsesordenen

Merlene Ottey (fødd 10. mai 1960) er ein tidlegare jamaicansk sprintar som spesialiserte seg på 100 meter og 200 meter sprint, samt 4 x 100 meter stafett. Ho har ei svært lang fartstid som idrettsutøvar med deltaking i heile sju sommar-OL og seks verdsmeisterskap. Ho har ni olympiske medaljar og vorte verdsmeister på 200 meter to gonger (1993 og 1995). I tillegg var ho med på å ta VM-gull i 4 x 100 meter stafett for Jamaica i 1991. Sidan 2002 har Ottey tevla for Slovenia, der ho er busett.

Olympisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Merlene Ottey deltok fyrste gong i OL under sommar-OL 1980 i Moskva, 20 år gamal. Her tok ho sin fyrste olympiske medalje med bronse på 200 meter. Ho gjentok denne prestasjonen under sommar-OL 1984 i Los Angeles og fekk i tillegg bronse på 100 meter sprint. Ottey nådde ikkje opp til medalje under neste OL i Seoul, men under sommar-OL 1992 tok ho igjen bronse på 200 meter.

Otteys beste OL prestasjonsmessig vart sommar-OL 1996 i Atlanta. Der tok sølv på 100 meter sprint på tida 10,94; nett den same tida som vinnaren Gail Devers frå USA. Domarane avgjorde likevel at Devers vann gullet. Ottey tok også sølv på 200 meter bak franske Marie-José Pérec. I tillegg var ho med på det jamaicanske stafettlaget som tok bronse på 4 x 100 meter i Atlanta.

Også under sommar-OL 2000 i Sydney tok Merlene Ottey medaljar, 40 år gamal. Ho sprang til bronse på 100 meter på tida 11,19 og tok sølv med stafettlaget på 4 x 100 meter. Dette var det siste OL der Ottey representerte Jamaica og også det siste der ho tok medaljar. Under sommar-OL 2004 i Aten kom ho så langt som semifinalen på 100 meter sprint. Ho forsøkte også å kvalifisera seg til sommar-OL 2008.

Enno i 2012 deltok Merlene Ottey i internasjonale tevlingar, i ein alder av 52.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]