Merlion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merlion-skulpturen i Merlion Park nær Singapore CBD er eit landemerke og ikon for Singapore.

Merlion (av mer, 'hav' og lion, 'løve', malayisk Singa-Laut) er eit fabeldyr med hovudet til ei løve og kroppen til ein fisk. Det er nasjonaldyr for Singapore. Namnet «Singapore» tyder 'løveby', medan namnet til fiskarlandsbyen som opphavleg var på staden var «Temasek», javanesisk for 'havby'.

Det moderne Merlion-symbolet blei utforma som logo for Singapore Tourism Board (STB) av Alec Fraser-Brunner ved Souvenir-komiteen og Van Kleef-akvariet, og var i bruk frå 1964 til 1997.[1] Symbolet har vore varemerke for STB frå 1966 til 1997, og bruken av det er framleis verna ved lov.[2]

Kombinasjonen av fisk og løve er ikkje ny, men er kjend frå ei rekkje ulike kulturar og tradisjonar. Løver med fiskehalar er avbilda i dei indiske oldtisstadene Ajanta og Mathura, og på etruskiske myntar frå hellenismen. Heraldiske sjøløver opptrer i vestleg heraldikk for byar som Portsmouth og Great Yarmouth i England, for Manila på Filippinane, og som symbol for Det britiske austindiakompaniet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.