Merovingartida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Merovingartida er perioden mellom 550 og 800 e.Kr i norsk historie. Perioden overlappar folkevandringstida, som vert rekna frå 400 til 600 e.kr. i Noreg, og vert etterfølgt av Karolingartida (ca. 800 til 843), som igjen glir over i vikingtida. Merovingartida er ein sterk brytningsperiode. Funna frå før 700 e. Kr. viser tilknytingar bakover til folkevandringstida, medan yngre funn peikar framover mot vikingtida. Det skjer ein sterk endring i både gravferdsritual, språk, stil og væpning.

Perioden har fått namnet sitt frå merovingarane, eit frankisk dynasti som regjerte i Gallia frå tidleg på 500-talet til midt på 700-talet. I Sverige kallar ein perioden for vendeltid, etter funna frå gravfeltet ved Vendel i Uppland. I Danmark har ein gått over til å kalla folkevandringstida for eldre, og merovingartida for yngre germansk jernalder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]