Mersea Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mersea Island
Mersea Island sett frå lufta, ligg litt til høgre for midten av bilete.
Mersea Island sett frå lufta, ligg litt til høgre for midten av bilete.
Geografi


Stad Themsen-estuaret
Koordinatar 51°47′45″ N 0°56′24″ EKoordinatar: 51°47′45″ N 0°56′24″ E
Areal 18 km²
Administrasjon
Land England
Grevskap Essex
Største busetnad West Mersea
Demografi
Folketal 11000
Folketettleik 611 /km²

Mersea Island (tidlegare Mersey Island) er den austlegaste busette øya i Storbritannia, og ligg like utanfor kysten av Essex i England, 14 km søraust fro Colchester. Ho ligg i estuaret til elvane Blackwater og Colne og har eit areal på kring 18 km².[1]. Namnet 'Mersea' kjem frå det gammalengelske meresig som tyder «øya i sjøen».

Øya har kring 11 000 innbyggjarar. Ho er landfast via ei vegfylling, kalla The Strood. Vegen vert vanlegvis lagt under vatn når det er springflo. Øya ligg nær Ray Island. Det er to busetnader på øya, den vesle byen West Mersea og landsbyen East Mersea, samt ei lita grend ved Barrow Hill nord for West Mersea.

Hovudnæringa på Mersea er jordbruk og fiske (mellom anna østers). Øya har sine eigne aviser, Newsround og Mersea Island Courier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Largest Islands of the United Kingdom». Users.erols.com. http://users.erols.com/jcalder/UK.htm. Henta 26. januar 2010.