Bordfjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mesa)
The Island in the Sky mesa/distrikt i Canyonlands nasjonalpark, sett frå Needles district.
Table Mountain, oppom byen Cape Town i Sør-Afrika.
Mesaar i Glass Mountains vest i Oklahoma i USA.
Over Monument Valley i Navajo Nation.
Tucumcari Mountain er ein mesa utanfor Tucumcari i New Mexico.

Bordfjell eller mesa (spansk og portugisisk for 'bord') er ei høgslette med flat topp og vanlegvis bratte klipper på sidene. Landforma har fått dette namnet fordi det liknar eit bord.

Landforma er karakteristisk for tørre område, særleg Vest- og Sørvest-USA i badlands og fjellområde frå Washington og California til Nord- og Sør-Dakota og Texas. Døme på slike fjellformasjonar finn ein òg i Spania, Sardinia, Nord- og Sør-Afrika, Arabia, India og Australia.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Mesaar i regionen Logudoro nord på Sardinia.
Cerro Negro, ein av få mesaar nær Zapala i Argentina.

Mesaar oppstår ved forvitring og erosjon av horisontalt lagdelte bergartar som har vorte løfta opp av tektonisk aktivitet. Enkelte bergartar kan i større grad motstå forvitring og erosjon enn andre, svakare bergartar som blir eroderte bort, slik at dei hardare bergartane står att og ligg høgare i terrenget enn området rundt.[1] Denne prosessen vert kalla differensialerosjon. Dei mest hardføre bergartane er mellom andre sandstein, konglomerat, kvartsitt, basalt, chert, kalkstein, lavastraumar og lagergangar.[1] Lavastraumar og lagergangar er særleg motstandsdyktige mot forvitring og erosjon, og dannar ofte ein flat topp eller dekkbergart på ein mesa. Dei mindre motstandsdyktige berglaga består som regel av skifer, ein mjukare bergar som forvitrar og eroderer lettare.[1]

Det er skilnaden i styrken til dei forskjellige berglaga som gjev mesaane den særeigne forma. Mindre motstandsdyktige bergartar vert eroderte bort frå overflata og vert dalar, der dei dannar drenering for det kringliggande området, medan dei meir motstandsdyktige berglaga står att.[1] Eit stort område med særleg motstandsdyktig fjell, som ein lagergang kan verne laga under frå erosjon, medan dei mjukare berglaga kring vert erodert til dalar. Lagergangane dannar då ein dekkbergar eller takbergart.

Ein kan òg sjå skilnader i bergartane i sida av ein mesa, som i staden for slake fjellsiderer broten opp i ei trappeliknande mønster.[1] Dei meir motstandsdyktige laga dannar klippene eller fjellveggane, medan dei mjukare bergartane dannar slakare bakkar, eller hyller, mellom klippene. Fjellveggane trekkjer seg attende og vert til slutt skoren av frå hovudveggen, eller platået via sappering. Når heile lengda av ein fjellvegg ikkje trekkjer seg attende med same snøggleik, men når elvar eller bekkar i staden lagar eit hakk i fjellkjeda, kan ein få ein seksjon som er skoren av frå hovudveggen og det oppstår ein mesa.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Easterbrook, Don J. (1999). Surface Processes and Landforms. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall.