Meskheti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

41°50′26″N 42°39′47″E / 41.84056°N 42.66306°E / 41.84056; 42.66306

Meskheti
fjellkjede
Land  Georgia
Fjellkjede Litle Kaukasus
Lengd 150 km
Høgd 2 850 m
Kart
Meskheti
41°49′58″N 42°39′41″E / 41.832722222222°N 42.661277777778°E / 41.832722222222; 42.661277777778
Wikimedia Commons: Meskheti Range

Meskheti (Meskh/Meskhet, Adzjar-Imereti, Adzjar-Akhaltsikh) er ei fjellkjede som er ein del av Litle Kaukasus sørvest i Georgia.

Utsyn over Meskheti nær Abastumani i Georgia

Ho har ei lengd på 150 km og det høgaste punktet er Mepistskharo med ei høgd på 2 850 meter over havet. Meskheti er kjend for å få mykje nedbør. Området rundt Mtirala (i Adsjaria) var det våtaste området i Sovjetunionen og det våtaste i Kaukasus med ein årleg nedbørsnormal på om lag 4 500 mm.

Fjellsidene av Meskheti er hovudsakleg dekte av lauvskog (eik, kastanje, lønnetre, agnbøk og bøk) frå 1 200-1 800 meter. Dei høgaste områda er dekte av subalpine og alpine enger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]