Mesopotamia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Mesopotamia

Mesopotamia (Μεσοποταμία Mesopotamia) er eit gammalt gresk namn som tyder landet «mellom (μεσο mesos) flodene (ποταμός potamos)», brukt om området mellom flodene Eufrat og Tigris i det noverande Irak. Sidan omkring 5000 f.Kr. har det eksistert byar og palass frå forskjellige kulturar i Mesopotamia.

Mesopotamia vert ofte kalla «sivilisasjonens vogge» sidan den eldste kjente litteraturen i verda er funnen her. Her utvikla dei eldste sivilisasjonane ein jordbrukskultur og eit skriftspråk. Mesopotamia vart folkesett av m.a. sumerar, araméarar (som seinare vart kjende som syrarar), babylonarar, assyrarar og kaldéarar. Det var her verdas første bysamfunn vart organiserte, mellom dei Lagash, Ur, Uruk og Nippur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende kulturen i området var den sumeriske, som omfatta blant anna kulturen tilknytta oldtidsbyane Ur og Uruk. Arkeologisk utgraving i det nordlege Mesopotamia har rett nok påvist eldre kulturar, men den sumeriske sivilisasjonen er rekna som den eldste veldokumenterte. Det er funne mange leirtavler med sumerisk kileskrift som fortel om eit velfungerande samfunn.

Området var den gongen lenge delt i to: Assyria og Babylonia. Det nordlege Mesopotamia var inntil omkring år 600 f.Kr. busett av assyrarane med sentrum i området omkring byane Mosul (det dåverande Ninive), Arbil og Tikrit, medan Babylonia låg i det sørlege Mesopotamia, det vil seie i området mellom det noverande Bagdad og Basra.

Mesopotamia har sidan vore påverka av blant anna grekarane, inntil arabarane erobra området i år 656. I 1534 vart området overtatt av tyrkarane i Det osmanske riket. Under den fyrste verdskrigen, i 1915, forviste britane tyrkarane og tok herredømme over det noverande Irak. Området var under britisk okkupasjon til 1932, då Irak proklamerte seg sjølvstendig.

Sumerisk liste over gudar skrive i kileskrift, ca. 24. hundreåret f.Kr.
Ståande mannleg gudedyrkar i Mesopotamia frå 2750-2600 f.Kr.


Kileskrifttavle
Sargon II og embetsmann
Ishtarporten på Pergamonmuseet i Berlin
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Mesopotamia» på Wikipedia på bokmål/riksmål.