Messier 106
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Messier 106 | |
Bilete av Messier 106 i ulike bølgjelengder |
|
| Observasjonsdata (epoke J2000) | |
|---|---|
| Stjernebilete | Jakthundane |
| Rektasensjon | 12t 18m 57,54s[1] |
| Deklinasjon | +47° 18′ 14,3″[1] |
| Raudforskuving | 0,001541 (462 km/s)[1] |
| Avstand | 23,5 millionar lysår |
| Type | spiralgalakse (Sbc), LINER |
| Andre namn | |
| UGC 7353[1] | |
| Sjå òg: Galakse, lista over galaksar | |
Messier 106 (M106) eller NGC 4258 er ein LINER-spiralgalakse som ligg rundt 23,5 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Jakthundane. Galaksen har to uvanlege spiralarmar, hovudsakleg sette saman av gass, som er synlege i radiobølgjer og i røntgenstråling. Desse har oppstått som ei følgja av kraftig oppvarming av gassen gjennom to jetstrålar som kjem frå det supermassive svarte hòlet i sentrum av galaksen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding ssc2007-06 på Spitzer Science Center sin nettstad.