Messina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Messina
Hamna i Messina
Hamna i Messina
Flagget til Messina
Flagget til Messina


Plassering
Messina is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Messina
Borgarmeister Francantonio Genovese
Geografi
Flatevidd
 - By

211 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

247 592
  1121/km²
Koordinatar 38°11′″N 15°33′″EKoordinatar: 38°11′″N 15°33′″E
Høgd over havet 3 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 98100
Telefon-retningsnummer 090
Nettstad: www.comune.messina.it

Messina (siciliansk Missinia) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen MessinaSicilia og har om lag 250 000 innbyggjarar, medan storbyområdet har nærare 500 000.

Byen ligg i det nordaustlege hjørnet av Sicilia ved Messinasundet, like på andre sida for Villa San Giovanni, som igjen ligg like nord for Reggio Calabria på det italienske fastlandet.

Hovudnæringa til byen er hamna, som vert nytta både kommersielt og militært, med fleire skipsverft. Jordbruk, inkludert dyrking av sitron, appelsin, mandarin og andre fukter, grønsaker og vin, er òg ei viktig næring.

Byen har vore eit katolsk erkebispesete sidan 1548 og har årleg ei internasjonal handelsmesse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pompeius-mynt, som viser Pharos av Messina og Scylla.

Messina vart grunnlagd av greske kolonistar på 700-talet fvt. med namnet Zancle. Tidleg på 400-talet fvt. vart namnet endra til Messene til ære for den greske byen Messene. Byen vart plyndra av kartagarane i 396 fvt. og så gjenerobra av Dionysius I av Siracusa.

I 288 fvt. tok mamertinane byen med svik, tok livet av alle mennene og gifta seg med konene deira. Dei nytta så byen som base for vidare plyndring av landsbygda, noko som førte til konfliktar med Siracusa. Hiero II, tyrann av Sirauca, slo mamertinane nær Mylae ved elva Longanus og omleira Messina. Kartago assisterte mamertinane på grunn av ein lang strid med Siracusa om herredøme over Sicilia. Då Hiero gjekk til åtak ein andre gong i 264 fvt. bad mamertinane Roma om hjelp og håpte med det på meir påliteleg støtte. Roma var først motvillig til å sende hjelp, men ønska ikkje at Kartago skulle få meir makt på Sicilia og slik truge Italia. Roma gjekk derfor inn i ein allianse med mamertinane. I 264 fvt. gjekk romerske troppar i land på Sicilia, som første gong utanfor den italienske halvøya. Dette førte etter kvart til den første punarkrigen.

Mot slutten av den første punarkrigen var Messina ein fri by alliert med Roma. I romartida var Messina kalla Messana og hadde eit viktig fyr (pharos). Messana var basen til Sextus Pompeius under krigen hans mot Augustus.

Etter Romarriket sitt fall vart byen først erorba av gotarar, så av Austromarriket i 535, av arabarar i 842, og i 1061 av dei normanniske brørne Robert Guiscard og Roger Guiscard (seinare grev Roger I av Sicilia). I 1189 stoppa den engelske kongen Rikard I i Messina på veg til Det heilage landet og okkuperte ei kort tid byen etter ei krangel om medgifta til søstera hans, som hadde gifta seg med Vilhelm II av Sicilia.

Hamna i Messina vart truleg staden der Svartedauden kom til Europa i mellomalderen (1347). Pesten vart ført med genuesiske skip frå Jaffa i Palestina. I 1548 grunnla St. Ignatius her det første jesuittgymnaset i verda, som seinare utvikla seg til Studium Generale (i dag Universitetet i Messina).

Domkyrkja i Messina (2009)

Byen nådde toppen av velstanden sin tidleg på 1600-talet under det spanske styret av Sicilia, og var på denne tida ein av dei ti største byane i Europa. I 1674 gjorde byen opprør mot den utandlanske garnisonen som haldt til her. Han vart sjølvstyrt ein periode, mykje med hjelp frå den franske kongen Ludvig XIV, men med Freden i Nijmegen i 1678 vart han gjenerobra av spanjolane og plyndra. Universitetet, senatetet og alle privlegiane dei hadde hatt sidan Romartida vart avskaffa. Det vart bygd massive festningar av spanjolane og Messina forfall gradvis.

I 1847 var han ein av dei første byane i Italia der det braut ut opprør i samband med Risorgimento. I 1848 gjorde dei opprør mot Bourbon som styrte i området, men vart kraftig slått ned. Først i 1860, etter slaget ved Milazzo, klarte Giuseppe Garibaldi sine troppar å frigjere byen.

Byen vart nesten heilt lagt i grus av eit katrastrofalt jorskjelv og ein påfølgjande tsunami morgonen 28. desember 1908. 60 000 menneske mista livet og dei fleste antikke bygningane vart øydelagd. Byen vart stort sett bygd opp att året etter med ein meir moderne og fornuftig byplan. Han var øydelagd igjen under massive bombetokt frå dei allierte under den andre verdskrigen i 1943, som førte til at fleire tusen mista livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Messina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]