Messinasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Messinasundet med namn.

Messinasundet (siciliansk Strittu di Missina) er det smalaste området mellom austenden av Sicilia og sørenden av Calabria. På det smalaste er det 3,1 km breitt, og nær byen Messina er det 5,1 km breitt. Ein naturleg malstraum ligg midt i sundet, som har knytt sundet til segna om Scylla og Charybdis.

Det går ferjesamband mellom Messina på Sicilia og fastlandet ved Villa San Giovanni og Reggio i Calabria. Det går òg ein hydrofoil mellom Messina og Reggio.

Ei tidlegare høgspentmast på den sicilianske sida av Messinasundet(«Torre Faro»)

I 1957 vart det bygd ei høgspentline på 220-kV over sundet. Høgspentmastene er av dei høgaste i verda. Desse har i seinare tid vorte erstatta av ein undersjøisk kabel, men mastene står framleis som nasjonale monument.

Sundet er så smalt at ein lett kan sjå fastlandet frå Sicilia.
Dei to byane ved sundet på ei gamal tysk gravering.

Det har vore mange diskusjonar i Italia om å byggje ei bru over sundet. I seinare år har teknologien kome så langt at dette no er mogeleg, men så langt er det ikkje vorte noko av planane. Ein av planane var å byggje ei bru frå Reggio Calabria til Messina, som ligg ovanfor kvarandre på kvar si side av sundet, for å danne ein enkelt by. Dette ambisiøse prosjektet vart kalla Area Metropolitana integrata dello Stretto (Integrert Storbyområdet i Sundet) eller berre Città dello Stretto (Byen ved sundet). Det har derimot vore motstand ut frå miljømessige og økonomiske årsaker og mot det å danne ein ny by (særleg hos sicilianske nasjonalistgrupper).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 38°14′45″N 15°37′57″E