Metafysisk poesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

My face in thine eye, thine in mine appears,
And true plain hearts do in the faces rest;
Where can we find two better hemispheres,
Without sharp north, without declining west?
  — John Donne: «The Good Morrow»][1]
frå tredje vers

John Donne blir rekna som opphavsmannenen til den metafysiske poesien.

Metafysisk poesi (engelsk metaphysical poetry) er ei litterær rørsle innan engelsk litteratur frå barokktida på 1600-talet.

Representantane for retninga var interesserte i filosofiske spørsmål, men «metafysisk» er i denne samanhangen ikkje å forstå som adjektivet til metafysikk. Nemninga kjem frå ein vilkårleg, negativt lada konnotasjon som ein av hovudkritikarane av retninga, Samuel Johnson, sette fram i verket The Lives of the Poets (1744) for å karakterisere diktarane i rørsla.

Dei viktigaste emnene til dei metafysiske poetane var religion og kjærleik. Ofte blei temaet behandla i form av argumentasjonar: som monologar, som samtaler med ein trulaus elskar, med Gud eller med allegoriske figurar, til dømes Døden. Mykje brukte stilmiddel var ordspel, oksymoron, paradoks, og spesielt ein retorisk figur som i England blei kalla metaphysical conceits etter det italienske concetto («innfall»). Conceits var utvida, usannsynlege og utbroderte metaforar som kunne prege et heilt dikt og som fungerte som ei form for paradoks ved at ei samanlikning som til å begynne med verkar latterleg, til slutt står fram som heilt logisk og samanhangande. Andre kjenneteikn på stilen er ei ufullstendig syntaks, uregelbunden metrikk og ein uformell måte å uttrykke seg på.

Et særdrag ved den metafysiske diktinga er ei bevisst avgrensing mot elisabethansk dikting, til dømes samtidas vanlegaste litterære rørsle, petrarkismen, noko som kjem til uttrykk i kritikk av konvensjonelle normer og verdisyn. Det er viktig å merke seg at dei metafysiske dikta og den kritikken som ligg i dei ikkje blei sett på som ei offisiell motrørsle til dei rådande litterære straumdraga. Tvert om, dei første metafysiske dikta sirkulerte berre i private kretsar og var spesielt hos den tidlege John Donne ikkje meint for eit større publikum. Den betydninga som denne poesien blir tillagt i dag er hovudsakleg basert på ei retrospektiv fortolking.

Dei viktigaste metafysiske poetane er:

På 1900-talet blei dei metafysiske poetane førebilete for dei engelskspråklege modernistane, til dømes T.S. Eliot som i 1921 skreiv eit essay om korleis metafysisk poesi påverka modernistisk dikting.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Good Morrow» ved luminarium.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]