Metal Machine Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metal Machine Music
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve juli 1975
Sjanger Støy
Avantgarde
Lengd 64:11
Selskap RCA
Produsent Lou Reed
Kritikk
Lou Reed-kronologi
Lou Reed Live
(1975)
Metal Machine Music Coney Island Baby
(1976)

Metal Machine Music, med undertittelen *The Amine β Ring, er det femte soloalbumet til Lou Reed. Det vart opphavleg gjeven ut som eit dobbeltalbum av RCA Records i 1975. Det vart gjeven ut att på ein enkel CD av BMG i 1997 og igjen av Buddah Records i 2000.

Albumet skil seg kraftig ut frå resten av Reed-katalogen og vert generelt anten rekna som ein spøk, ein motvillig oppfylling av platekontrakten, eller eit tidleg døme på støymusikk. Albumet har ingen songar eller gjenkjennelege strukturar, er utan melodi og rytme og inneheld over ein time med overmodulert feedback og gitareffektar, miksa saman i forskjellig snøggleik av Reed sjølv. Albumet gjorde Reed til latter i rockeindustrien, medan han samstundes opna døra for dei seinare, meir eksperimentelle materiale sine. Metal Machine Music vert no rekna som ein viktig forgjengar for industriell musikk, støyrock og kontemporær lydkunst.[4][5]

I 2010 samarbeidde Reed, Ulrich Krieger og Sarth Calhoun på ein turne, der dei spelte fri improvisasjon inspirert av albumet. Dei kalla seg Metal Machine Trio. Same året annonserte Reed planar om å gje ut Metal Machine Music på ny med ny digital lyd.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed

# Tittel Lengd
1. «Metal Machine Music, Part 1»   16:10
2. «Metal Machine Music, Part 2»   15:53
3. «Metal Machine Music, Part 3»   16:13
4. «Metal Machine Music, Part 4»   15:55

Kjelder[endre | endre wikiteksten]