Metall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metall kan mellom anna brukast til transportkonteinerar, skip, kranar og smijernsutsmykking.
Glødande ring av metall.

Metall er stoff som både er sterke og lette å forma, og som leier varme og elektrisitet. Dei fleste metalla har stor tettleik og høge smeltepunkt, og er ofte blanke og skinnande.

At metall har vore svært viktige for menneskja si utvikling, ser me i metallnamna på tidsaldrar som jernalderen og bronsealderen.

Ei legering er ei blanding av ulike grunnstoff som oppfører seg som eit metall og inneheld minst eitt, men gjerne fleire ulike, metalliske grunnstoff.

Metall i kjemien[endre | endre wikiteksten]

Innan kjemien er eit metall definert som eit grunnstoff som lett gjev frå seg elektron og som dannar metallbindingar. Denne typen binding, der elektrona held til i ei slags sky rundt kationa, gjev metalla dei viktige eigenskapane deira.

I periodesystemet er metalla skilde frå ikkje-metall med ei skrå linje frå bor til polonium. Stoffa som ligg på denne linja er halvmetall medan stoffa nedanfor og til venstre er metall. Sjølv om metalla utgjer størsteparten av den periodiske tabellen, er dei ikkje vanlege å finna i naturen, særleg ikkje i rein form.

Grupper av metall[endre | endre wikiteksten]

Kjende metall[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metall