Metamorfose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk framstilling av ein metamorfisk reaksjon. Forkortingane for minerala er: act = aktinolitt; chl = kloritt; ep = epidott; gt = granat; hbl = hornblende; plag = plagioklas. To mineral i figuren deltar ikkje i reaksjonen, og kan vere kvarts og K-feldspat. Denne reaksjonen finn stad i naturen når ein bergart får frå amfibolittfacies til grønskiferfacies.

Metamorfose er ei omvandling av mineral eller geologisk tekstur (korleis minerala er arrangert) i eksisterande bergartar (protolittar), utan at protolitten har blitt smelta til flytande magma.[1] Omvandlinga skjer hovudsakleg på grunn av varme, trykk og tilføring av kjemisk aktive væsker. Kjemiske komponentar og krystallstrukturar hos mineral som utgjer bergarten kan endre seg sjølv om fjellet er fast. Endringa ved og like under jordoverflata på grunn av forvitring og/eller diagenese vert ikkje rekna som metamorfose.[2] Metamorfose skjer vanlegvis mellom diagenese på 200 °C og smelting på 850 °C.[3]

Det finst tre typar metamorfose: Kontakt-, dynamisk og regional metamorfose. Metamorfose skapt av aukande trykk og temperatur vert kalla prograd metamorfose. I det motsette tilfellet med fallande temperatur og trykk vert det kalla retrograd metamorfose.

Regionalmetamorfose[endre | endre wikiteksten]

Regionalmetamorfose er omdanning av bergarter i eit større geologisk område. Det skjer ved auka trykk og temperatur, idet bergartsmasser tvingast nedover i jordskorpen ved tektoniske prosessar som overskyvingar og fjellkjededanningar.

Nedslagsmetamorfose[endre | endre wikiteksten]

Ved eit stort meteorittnedfall vil trykket og varmesjokket som følgjer omdanne bergartane i nedslagskrateret. Denne forma for omdanning vert kalla nedslagsmetamorfose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Metamorphism» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Bucher, Kurt, 2002, Petrogenesis of Metamorphic Rock, Springer
      • Eskola P., 1920, The Mineral Facies of Rocks, Norsk. Geol. Tidsskr., 6, 143-194
      • Gillen, Cornerlius, 1982, Metamorphic Geology : an Introduction to Tectonic and Metamorphic Processes, London; Boston: G. Allen & Unwin ISBN 978-0045510580
      • Marshak, Stephen, 2009, Essentials of Geology, W. W. Norton & Company, 3rd ed. ISBN 978-0393196566
      • Vernon, R. H., 1976, Metamorphic Processes, Halsted Press
      • Vernon, Ronald Holden, 2008, Principles of Metamorphic Petrology, Cambridge University Press ISBN 978-0521871785
  1. Marshak, s. 176
  2. Vernon, 2008, s. 1
  3. Marshak, s. 177