Metasomatose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metasomatsk albitt + hornblende + turmalin endrar metamorf granitt i Stone Mountain i Atlanta.

Metasomatose er ei kjemisk omvandling av ein bergart ved stoffutveksling, der einskilde stoff i den opphavlege bergarten blir heilt eller delvis fjerna og erstatta av tilført stoff utanfrå. Temperatur og trykk, i tillegg til dei kjemiske komponentane som er med i prosessen, er avgjerande for kva slags nye mineral som erstattar dei gamle.

Dei nye kjemiske stoffa kan tilførast i pneumatolytisk (i gassform) eller hydrotermalt (i væsker).

Dei metasomatiske prosessane er særskild vanlege i område kring magmatiske intrusjonar, særleg i granittar. Kalksteinar er særleg utsette for metasomatose, og mykje verdifull malm har oppstått ved slik metasomatose, som kopar, vismut, sink, bly, sølv og jarn (skarnmalm). Ein finn fleire skarnførekomstar i Oslo- og Arendalsfeltet i Noreg.

Granittisering, fenittisering og greisdanning er andre døme på metasomatiske prosessar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]