Metauro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metauro
elv
Land  Italia
Lengd 109 km
Kjelde Appenninane
Munning Adriahavet
Kart
Metauro
43°49′43″N 13°03′17″E / 43.828611111111°N 13.054722222222°E / 43.828611111111; 13.054722222222
Wikimedia Commons: Metauro

Metauro (latin Metaurus eller Mataurus) er ei elv i Italia. Ho har sitt utspring i Appenninane og har ei lengd på 109 km. Ho munnar ut i Adriahavet sør for Fano.

I antikken vart det utkjempa to slag ved breidda av Metauro.

Det første skjedde i 207 f.Kr.Hasdrubal Barca, medan han marsjerte for å hjelpe Hannibal, vart slakta ned av ein romersk hær leia av konsulane Marcus Livius Salinator og Gaius Claudius Nero. Slaget ved Metaurus var eit avgjerande slag i den andre punarkrigen. Den eksakte staden til slaget er usikkert, men vanlegvis vert det plassert mellom Fossombrone og Furlopasset, men det skjedde truleg nærare kysten av Adriahavet.

Det andre slaget fann stad nær elva i 271 då den romerske keisaren Aurelian slo tilbake alemannarane som hadde invadert nordlege delar av Italia året før.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]