Meteogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meteogram for Bergen som syner temperatur, skydekke og vind.
Kjelde: Meteorologisk institutt

Eit meteogram er ein grafisk presentasjon av eit vêrvarsel for ein spesifikk stad. Dette er produkt som ofte vert generert direkte ut frå ein vêrvarslingsmodell ved hjelp av lengdegrad, breiddegrad og høgd over havet, men dei kan òg vere korrigerte av ein meteorolog. Tidsaksen følgjer x-aksen bortover, medan y-aksen består av verdiane til dei forskjellige parametrane

Dei vanlegaste parametrane er nedbør, temperatur, lufttrykk, skydekke, vindstyrke og retning. Nedbøren vert vanlegvis representert ved hjelp av søyler, medan temperatur og lufttrykk vert representert som grafar. Skydekke kan representerast både som eit vêrsymbol eller som sirklar eller firkantar som gradvis vert fylt att jo meir skya det er. Vinden vert som regel vist som ei vindpil frå den retninga vinden kjem frå.

Oseanogram[endre | endre wikiteksten]

Oseanogram liknar meteogram, men gjeld varsel for hav, der gjerne bølgjehøgd (både signifikant og maksimal), retning, dønningar og bølgjeperiode er dei vanlegaste parametrane.

Epsigram[endre | endre wikiteksten]

Eit epsigram er på liknande måte som eit meteogram ei grafisk framstilling av eit vêrvarsel for ein spesifikk stad, men her baserer varselet seg på eit ensemble (EPS - ensemble prediction system). Eit ensemblevarsel består ikkje berre av ei modellkøyring, men langt fleire, opp til 51 forskjellige køyringar i dei beste modellane. Eit epsigram syner heile utfallsrommet til alle køyringane og i staden for grafar og søyler vert dei forskjellige parametrane (skydekke, nedbør, vindstyrke og temperatur) vist som eit boksplott med persentilar, samt ein median eller eit gjennomsnitt av alle køyringane. Når persentilane og boksane har liten utstrekning tyder det på at varselet er forholdsvis sikkert, medan stor utstrekning tyder på at køyringane går i forskjellige retningar og at varselet er usikkert. I tillegg kan epsigrammet innehalde vindroser som viser dei forskjellige vindretningane til ensemblet. Ofte er også den operasjonelle køyringa til modellen (som ofte ligg til grunnlag for eit vêrvarsel) teikna inn som ein graf, og på den måten kan ein sjå om denne skil seg ut på noko måte, t.d. om han har mykje meir eller mindre nedbør enn størsteparten av ensemblemedlemmene.