Meteoritten Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skive av Moss-meteoritten.

Moss er namnet på ein meteoritt som datt ned over Rygge og Moss i 10-tida om føremiddagen fredag den 14. juli 2006. Meteoren til denne meteoritten vart sett på dagtid av svært mange personar i eit område som strekte seg iallefall frå Kragerø i sørvest til Mjøs-området i nord og Årjäng i Sverige i søraust.

Den første biten (ca. 35 gram) av meteorittan vart oppdaga av Ragnar Martinsen på hytta si i Rygge, då den slo ned i ei aluminiumsplate om lag 2 meter frå han. Han hadde høyrt lydar som tydde på eksplosjonar eller millitær aktivitet rett før. Ein annan større bit (ca. 750 gram) vart funne av familien Johansen i Moss mandagen etter, då dei hadde kome tilbake frå ein ferietur. Ein regner med fem ulike funnstadar i Moss/Rygge-området. Nedfallsellipsa har ei utstrekning på over 6 km i retning frå om lag aust-søraust til vest-nordvest.

Moss-meteoritten er ein karbonhaldig kondritt av type CO3.6, dvs. Ornans-type av karbonhaldige kondrittar. Den siste nedfallet av denne relativt sjeldne typen skjedde i Kainsaz i Russland i september 1937. Til saman er ca. 4 kg meteoritt-materiale funne til no i samband med dette meteoritt-fallet. Moss er den siste offisielt godkjende av meteorittar i Noreg, og dermed den 13. godtekne av The Meteoritical Society.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. meteoriticalsociety.org, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 1. oktober 2007