Meteorologisk observatorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit meteorologisk observatorium er ein meteorologisk stasjon med eit omfattande, og ofte spesialisert, observasjonsprogram, gjerne òg med spesialutdanna personale under vitskapleg leiing. Ofte er observatoria plassert i meir aude område, relativt langt frå sentralinstitutta, og er utstyrt for sjølvstendig verksemd.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har ein hatt slike observatorium på Ås, i Bergen, på Haldde ved Alta og på Svalbard. Slike observatorium her til lands er det for ein stor del ikkje behov for lenger, då ein har bygd ut ei desentralisert teneste med eit variert observasjonsprogram.

Meteorologisk Observatorium i Bergen (Det meteorologiske observatoriet på Nordnes, Fredriksberg) vart skipa i 1903, etter at det hadde vore gjort systematiske meteorologiske observasjonar i Bergen allereie frå 1861, knytt til Lungegårdshospitalet. Observatoriet i Bergen var forløparen for Vêrvarslinga på Vestlandet, som vart skipa i 1920.

Haldde-Observatoriet i Kåfjord i Finnmark, som var i drift frå 1912 til 1926, og Geofysisk Institutt i Tromsø, som var i drift frå 1918 til 1927, var forløparane for distriktssentralen for vêrvarslingstenesta i Nord-Noreg.

Arktiske stasjonar vart skipa på Spitsbergen i 1912, på Bjørnøya i 1920, Jan Mayen i 1921 og i MyggbuktaAust-Grønland i 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«meteorologisk_observatorium» i Store norske leksikon, snl.no.