Methóni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Methóni i solnedgang

Methóni (gresk Μεθώνη) er ein landsby og tidlegare kommune i Messinía i Peloponnes i Hellas. I 2011 vart han ein del av kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.

Namnet kjem frå Mothona, ei mytisk klippe. Methóni ligg 11 km sør for Pýlos og 11 km vest for Finikoúnda. Den kommunale eininga Methóni omfattar dei nærliggande landsbyane Grizókambos, Finikoúnda, Finíki, Lakhanáda, Varákes, Kainoúrjo Khorió, Kamária, Evangelismós og Innoússes-øyane. Sistnemnde består av Sapiéndza, Skhíza og Ajía Marianí og dannar eit naturleg vern av hamna i Methóni.

Tápia, Kokkiniá og Kritiká er område nær landsbyen med vakre strender.

Byen er òg kjend under det italienske namnet Modon eller Modona, som han vart kalla under venetianarane. Turisme dominerer industrien her og ho har flotte strender i sør med restaurantar, barar, tavernaer og hotell for turistane. Jordbruk og tenester er andre næringar.

Kjelder [endre]