Methuen-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Methuen-traktaten var ein offensiv militær- og handelsavtale mellom Portugal og England signert i 1703 som ein del av den spanske arvefølgjekrigen.

Avtalen stipulerte at det ikkje kunne påleggast toll på portugisiske vinar eksporterte til England eller engelske tekstilar eksporterte til Portugal, uansett korleis den geopolitiske situasjonen til kvar av dei to nasjonane var (dette for å sikre at England framleis ville aksepterte portugisisk vin i periodar då dei ikkje var i krig med Frankrike).

Somme historikarar hevdar at avtalen var negativt for Portugal, sidan det tydde at landet ikkje ville utvikle den industrielle infrastrukturen sin (og dermed tape i det industrielle kappløpet) og andre typar jordbruksprodukt. Dette er derimot omdiskutert, sidan det i denne perioden dukka opp andre industriar i Portugal, som produksjon av porselen. Somme av fabrikkane som dukka opp i denne perioden finst framleis i dag.

På grunn av denne avtalen klarte Portugal å halde ein sterk politisk situasjon som viste seg å blir særs viktig for å behalde territoria i den viktigaste kolonien til landet, Brasil.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I starten av den spanske arvefølgjekrigen var Portugal allierte med Frankrike. Som ein del av denne avtalen hadde franskmennene lova å verne portugisarane til sjøs. I 1702 segla den britiske marinen nær Lisboa og synte for portugisarane at franskmennene ikkje kunne halde lovnaden sin. Dei byrja like etter forhandlingar med Storalliansen om å byte side.

Methuen-traktaten vart forhandla av John Methuen (ca. 1650-1706) som var parlamentsmedlem, lordkanslar av Irland, geheimråd, sendebod og så ambassadør i Portugal. Avtalen innlemma Portugal blant dei allierte i den spanske arvefølgjekrigen.

Dei første åra av krigen i Flandern hadde ikkje gjeve mange resultat. Tory-partiet i England var uroa over kostnaden av krigen og følte at sjøkrig var eit billigare alternativ med større potensiale for suksess. Portugal kunne tilby dei gode djupvasshamner nær Middelhavet som kunne nyttast for å ta den franske marinebasen i Toulon.

Avtalen[endre | endre wikiteksten]

Det var tre store element i Methuen-traktaten. Det første var at krigsmåla til Storalliansen vart nedsett. Det andre var Spania kom til å bli ein ny krigskodeplass i krigen. Det siste var at å opprette handelsforhold, særleg mellom Portugal og England.

Fram til 1703 hadde ikkje Storalliansen nedsett nokre formelle krigsmål. Meuthen-traktaten endra dette og stadfesta av alliansen skulle prøve å sikre heile Det spanske imperiet for den austerrikske kandidaten til trona, erkehertug Karl, seinare Karl VI av Austerrike.

Avtalen fastsette òg kor mange soldatar kvart av landa skulle bidra med i felttoget i Spania. Portugisarane insisterte òg på at erkehertug Karl skulle kome til Portugal for å leie styrkane for sikre at dei allierte gav full innsats i krigen i Spania.

I tillegg hjelpte avtalen med å opprette handelsforhold mellom England og Portugal. Avtalen tillet Portugal å importere ullklede frå England tollfritt. Til gjengjeld kunne portugisiske vinar importerast til England med ein tredjedel av tollen på vinar importerte frå Frankrike. Dette var særleg viktig i utviklinga av portvinindustrien. Sidan England var i krig med Frankrike, vart det stadig vanskelegare å få tak i vin, så portvinen vart raskt ei populært erstatning.

Avtalen vart òg ofte kalla «Portvinavtalen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]