Metoklopramid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjemisk struktur
Metoklopramid

CAS-nummer
364-62-5
ATC-nummer
A03F A01
Metabolisme
Halveringstid 2-6 timer
Utskiljing Renal
Administrasjonsform IV, SC

Metoklopramid er eit lækjemiddel med kvalmestillande verknad. Metoklopramid verkar både sentralt, det har ein verknad på sentralnervesystemet, og perifert, i sjølve mage- og tarmsystemet.

Sentralt verkar metoklopramid som ein hemmar på eit stoff i hjernen, dopamin. Ei slik hemming i kjemo-triggersona stilnar kjensla av kvalme.

Periferalt aukar metoklopramid peristaltikken på mage og tarm, det vil seia auka muskelaktivitet og fremjing av tømminga av magesekken og tynntarmen. Denne verknaden skjer pga. agonistisk verknad på 5-HT4 reseptoren.

Metoklopramid kan administrerast i tablettform, som stikkpille, som drikk, eller som intravenøs injeksjon.

Handelsnamn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]