Mezzosopran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mezzo-sopran)
Songrøyster
Kvinnerøyster Mannsrøyster
Rekkevidda til ein sopran
Sopran (S)
Rekkevidda til ein tenor
Tenor (T)
Rekkevidda til ein mezzosopran
Mezzosopran
Rekkevidda til ein baryton
Baryton
Rekkevidda til ein alt
Alt (A)
Rekkevidda til ein bass
Bass (B)

Mezzosopran eller mezzosopransongar er ein mellomting av alt og sopran, ei stemme som til ein viss grad kan flytte seg i begge stemmeleia. Mezzo tyder «halv».

Dette er den normale kvinnestemma. Innanfor songkunsten vert gjerne mezzosopranar delt i to grupper:

  • Lyrisk mezzosopran stemmeomfang frå a-g2

Stemma har stort omfang, god høgd og fleksibel koloratur. Ho er òg smidig og har eit velutvikla mellomleie. Denne finn vi oftast hos unge jenter eller gutar.

Innanfor operalitteraturen passer mellom andre desse rollene til ein lyrisk mezzosopran:

  • Dramatisk mezzosopran stemmeomfang frå a-b2

Stemma har større volum og fokus enn lyrisk mezzosopran. Sidan ho skal gå over eit stort orkester, må ho ha stor kraft, særleg i høge tonar. På scenen har songaren stor autoritet.

Innanfor operalitteraturen passer mellom andre desse rollene til dramatisk mezzosopran:

Nokre mezzosopranar[endre | endre wikiteksten]