Miass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva med same namn sjå Miasselva.
Miass
Миасс
Flagget til Miass Byvåpenet til Miass
Flagget til Miass Byvåpenet til Miass


Plassering
Miass is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk
Grunnlagd 1773
Borgarmeister Viktor Ardabjevski
Geografi
Flatevidd
 - By

112 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

153 600
  1 371,4 /km²
Koordinatar 55°00′0″N 60°06′0″EKoordinatar: 55°00′0″N 60°06′0″E
Høgd over havet 340 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 4563xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3513
Nettstad: www.gorod.miass.ru

Miass (russisk Миа́сс) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland. Han ligg 96 km frå Tsjeljabinsk, ved elva Miass, på austsida av dei sørlege Uralfjella. Byen har like over 150 000 innbyggjarar.

Miass vart grunnlagt i 1773 som ein busetnad for fabrikk ved ei kopargruve, og fekk bystatus i 1926. Under 1800-talet var utviklinga drive av oppdaginga av dei rikaste gullreservane i Ural. Gjennomsnittleg årleg utvinning av gull frå Miass-regionen var rundt 640 kg. På midten av 1800-talet gjekk gulldrifta tilbake og utviklinga av Miass bremsa dermed òg opp.

I 1941 vart ein bilfabrikk bygt i Miass, som framleis er i drift som lastebilfabrikken UralAZ, som i dag er den viktigaste verksemda Miass. Selskapet UralAZ produserer tre-akslars allhjuldrifts lastebilar med høg framkommelegheit i terreng, og eksporterer 8 % av produksjonen. UralAZ har 105 000 tilsette.

Den eldste delen av byen består av 1800-tals trehus med originale balkongar og dørkarmar. Eit hus som høyrte til gullgruveadministratoren Simonov er òg bevart.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]