Michael Baziljevich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Baziljevich
Fødd14. august 1965
NasjonalitetNoreg
Områdekondensert fase-fysikk
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Michael Baziljevich (fødd 14. august 1965) er ein norsk fysikar.

Han er professor ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare fått Norges forskningsråds formidlingspris for arbeidet sitt med å auke interessa for forsking og vitskap, særskild blant unge. Han har òg tidlegare vore leiar for Foreningen Unge Forskere.

Baziljevich er cand.scient. frå Universitetet i Oslo (1990) og tok doktorgrad same stad i 1996 med avhandlinga Investigation of magnetic flux behavior in YBa2Cu3O7. Han er tilknytt fysisk institutt og arbeider innanfor fagområdet lågtemperaturfysikk/superkonduktivitet.

Han mottok Prisen for god forskningsformidling ved Universitetet i Oslo i 2003, og i 2011 vart han slått til riddar av Realistforeningen for sitt arbeid med Astrofestivalen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Atomet og eplet : en utrolig reise fra naturens aller minste byggesteiner – ut til universets yttergrenser Oslo : Damm , 1999 ISBN 82-517-8940-0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]