Michael Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Birkeland ca. 1875

Michael Birkeland (16. desember 18301896) var norsk riksarkivar 186374, og frå 1875 til sin død.

Birkeland var fødd i Egersund. Han vart student i 1848 og cand. jur. i 1855. Etter 11 år som departements- og arkivmann vart han i 1863 byråsjef i kyrkjedepartementet og riksarkivar. Etter å ha vore ekspedisjonssekretær eit års tid gjekk han i 1875 attende til Riksarkivet, som då vart skilt ut som ein sjølvstendig institusjon. Han var ein av stiftarane av Historisk Forening, og var formann for Kjeldeskriftkommisjonen 1863-1889, og stod sjølv bak fleire kjeldeutgåver. Birkeland var ein betydeleg historikar, men hans Historiske Skrifter I-III kom ikkje ut før 1919-1925.

I skandinavismens dagar var Birkeland som medarbeidar i Morgenbladet ein ivrig tilhengar av unionen og motstandar av norsk-nasjonale tiltak. Frå 1869 sat han i kommunestyret i Christiania, og 1880–85 på Stortinget, der han var ein av leiarane for det konservative mindretalet.

I 1860-åra var han i kretsen rundt Paul Botten-Hansen «Det lærde Holland» saman med m. a. Henrik Ibsen og Aasmund Olavson Vinje.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Anna Colbjørnsdatters, Cort Adelers, Peter Tordenskjolds Biographier, saman med P. A. Munch, 1854.
  • Gustav Vasas Historie, saman med Anders Fryxell, 1856.
  • Selskabet for Norges Vel : 1809-1829, 1861.
  • Skandinavismen fra norsk Synspunkt : Betragtninger i Anledning af Femti-Aars-Festen den 17de Mai 1864, 1864.
  • Vore fædre : foredrag til studentersamfundet den 13de januar 1866, 1866.
  • Den gode gamle Bondepolitik : nogle Ord til Norges Almue om Landets vigtigste Velfærdssag, 1867
  • Lieutenant C. F. Beck Beretning om Dronning Caroline Mathildes Fængsling den 17. januar 1772, 1867
  • To Foredrag om Skandinavisme og Norskhed, saman med Ernst Sars, 1867.
  • V.C.W. Sibberns dagbog paa Eidsvold fra 10de april til 17de mai 1814 1870.
  • Rigsforsamlingen og det overordentlige Storthing 1814 samt de to første ordentlige Storthing 1815-16 og 1818 / bearbeidede af H. Munk og M. Birkeland 1874
  • Om Arkivvæsenets Ordning : samt Indberetning og Forslag 1878 vedkommende de til Udgivelse af historiske Kildeskrifter bevilgede Midler : en afbrudt Begyndelse til Aarsberetning fra Det Norske Rigsarkiv, 1879.
  • Om Tienden og dens Indløsning : trykt til Benyttelse i Kirke-Departementet, 1880.
  • Det norske Postvæsen i dets Oprindelse og første Begyndelse 1887.
  • Historiske skrifter, band I-III. 1919-1925.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!