Michael Clarke Duncan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Duncan, 2009

Michael Clarke Duncan (10. desember 19573. september 2012) var ein USA-amerikansk filmskodespelar frå Chicago.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Michael Clarke Duncan var 1,96 meter høg og vog om lag 142 kg. I ungdommen fekk han fleire stillingar som utkastar ved nattklubbar i heimbyen Chicago. Seinare jobba han som livvakt for amerikanske kjendisar, m.a. Will Smith, LL Cool J og Notorious B.I.G., eller «Biggie». Etter at «Biggie» vart skoten og drepen i 1997, skal Duncan ha gitt opp livvaktkarrieren.

Duncan hadde fått små skodespelarroller i film og på fjernsyn frå 1995 og framover. I 1998 spela han i storfilmen Armageddon, men det var fyrst året etter at han vart kjend for alvor. I 1999 fekk han nemleg spela i Den grønne mil, basert på ein roman av Stephen King. Filmen handlar om innsette på eit fengsel for dødsdømte i USA på 1930-talet, og Tom Hanks spela rolla som fangevaktaren Paul Edgecombe. Michael Clarke Duncan spela rolla som den mystiske karakteren John Coffey, den av fangane som blir sett på som den farlegaste. For denne rolla vart Duncan oscarnominert og vann ein Golden Globe.

Andre kjende filmar som Duncan har spelt i er Skorpionenes konge (2002), Full pakke (2000) og Daredevil (2003). Duncan hadde ei djup bassrøyst og vart gjerne brukt som stemmeskodespelar, t.d. i Min bror, bjørnen (2003) og Kung Fu Panda (2008).

Michael Clarke Duncan fekk eit hjarteinfarkt den 13. juli 2012, men fekk livet attende etter ein periode på sjukehus. Diverre døydde han i Los Angeles den 3. september same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]