Michael Frater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jamaicas stafettlag under VM i friidrett 2009.
F.v.: M. Frater, Asafa Powell, Usain Bolt og Steve Mullings.
Foto: Erik van Leeuwen

Michael Frater (fødd 6. oktober 1982) er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister. Frater spesialiserer seg på 100 m og 4 x 100 m stafett.

Under VM i friidrett 2011 i Daegu var Frater med på å setja ny verdsrekord på 4 x 100 meter saman med Nesta Carter, Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden kom på 37,04 og er framleis gjeldande verdsrekord.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Frater har vunne medalje på mange internasjonale tevlingar, m.a. Carifta Games, dei panamerikanske leikane, Samveldeleikane samt VM i friidrett 2005 i Helsingfors og VM i friidrett 2009 i Berlin.

Han deltok under sommar-OL 2004 i Aten, men nådde ikkje opp til finalen, korkje på 100 meter eller stafett. Under sommar-OL 2008 i Beijing kom han til sprintfinalen på 100 meter, der han tok sjetteplassen med ein personleg rekord på 9,97. Det jamaicanske stafettlaget tok gull og sette olympisk rekord under desse leikane med Frater på andre distansen. Tida deira kom på 37,10.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]