Michael Howard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Howard i 2007.
Foto: Steve Punter .

Michael Howard (fødd 7. juli 1941) er ein britisk politikar for Det konservative partiet i Storbritannia. Han er eit mangeårig medlem av det britiske parlamentet og har tidlegare tenestegjort som arbeidsminister, miljøminister og innanriksminister i regjeringane til Margaret Thatcher og John Major.

Michael Howard blei fødd i Wales som son av jødiske innvandrarar frå Romania. Han blei parlamentsmedlem i 1982 for valkretsen Folkestone and Hythe. I 1985 blei han undersekreterær for handels- og industridepartementet. Etter valet i 1987 blei han minister for Local Government.

I 1990 blei Howard med i regjeringa då han erstatta Norman Fowler som arbeidsminister (Secretary of State for Employment). Etter valet i 1992 blei han miljøvernminister og innanriksminister (home secretary) i 1993, ei stilling han hadde til dei konservative tapte valet i 1997. Då John Major gjekk av som partileiar etter valnederlaget var Howard ein av kandidatane til å overta stillinga, men kom sist av fem i den første valrunden, og valde då å støtta William Hague.

Howard vart vald til leiar for Dei konservative 6. november 2003 som einaste kandidat etter at Iain Duncan Smith tapte eit tillitsvotum ei veke tidlegare. Etter nok eit konservativt valnederlag i 2005 gjekk Howard av og David Cameron blei ny partileiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]