Michael Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Johnson


Statsborgarskap USA
Fødd 13. september 1967 (56 år)
Dallas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

L'Équipe Champion of Champions, Årets friidrettsutøver i verden, Årets friidrettsutøver i verden, Associated Press Athlete of the Year

Michael Duane Johnson (fødd 13. september 1967) er ein sprintar frå USA. Johnson spesialiserte seg på distansane 100 meter, 200 meter og 400 meter. Per august 2012 held han framleis verdsrekorden for 400 meter på 43,18, og han var med på stafettlaget frå USA som sette verdsrekord på 4 x 400 meter med 2.54,29. Johnson har også dei olympiske rekordane for desse øvingane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Johnson voks opp i Dallas i Texas. Han prøvde å kvalifisera seg allereie til sommar-OL 1988 i Seoul, men greidde det ikkje, m.a. grunna ein skade. Johnson kom sterkare tilbake til sommar-OL 1992, der han var med på det gullvinnande stafettlaget på 4 x 400 meter. Diverre vart Johnson matforgifta under OL og greidde ingen individuelle medaljar. Den ståande verdsrekorden i stafett var han med på å setja året etter under VM i friidrett 1993 i Stuttgart.

Før sommar-OL 1996 i Atlanta fekk Johnson eit par spesiallaga gullsko som gav han kallenamnet «Mannen med gullskoa». Her tok han olympisk gull på både 400 meter og 200 meter. Michael Johnson vart den fyrste atleten som greidde denne prestasjonen i eitt og same OL.

I Sevilla under VM i friidrett 1999 sprang Johnson 400 meter på 43,18; ein verdsrekord som enno ikkje er slått. Johnsons siste OL vart sommar-OL 2000 i Sydney der han vart olympisk meister på 400 meter nok ein gong. Stafettlaget fekk også gullmedalje under turneringa, men resultatet vart seinare annullert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]