Michael Krohn (1793-1878)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Krohn. Litografi frå Trondheim Byarkiv

Michael Krohn (fødd 14. mai 1793 i Bergen, død 31. august 1878 WernersholmHop i Bergen) var ein norsk kjøpmann frå Bergen.

Michael Krohns gate i Laksevåg bydel i Bergen er kalla opp etter denne Michael Krohn.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Michael Krohn høyrde til ein av dei fremste kjøpmannsslektene i Bergen og var son av kjøpmann Wollert Danchertsen Krohn (1765–1834) og Cecilie Margrethe Meyer (1763–97). 11. mars 1817 gifta han seg med Fridrica Lovise Monrad (8. desember 1794 – 17. juli 1868).

Etter skule i Bergen fekk han handelsutdanning i utlandet og så praktisk forretningserfaring i handelshuset til familien Wollert Krohn, seinare Krohn & Co. I 1829 tok han over familiebedrifta, som han i 1850 overlet til sonen Wollert Danckert Krohn.

I 1829 kjøpte han lyststaden Wernersholm på Hop i Fana etter Werner Christie. Her fekk han oppført eit hovedhus i empirestil. På Hop dreiv han òg det eldre marmorbrotet til Christie fram til 1850-åra. I 1859 vart Krohn vitja av Bjørnstjerne Bjørnson som skreiv «Ja, vi elsker» under besøket.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Krohn var drivkrafta bak opprettinga av fleire store selskap i Bergen. I 1845 starta han Det Bergenske Søassuranceselskab. Frå 1851 til 1868 var han direktør i Bergens Assuranceforening. Han arbeidde med å binde Bergen og distrikta rundt saman med å opprette lokale dampskipselskap. I tillegg kom han med ideen om å byggje Nygårdsbrua over Nygårdsstrømmen mellom Store Lungegårdsvannet og Puddefjorden for slik å knyte Bergen tettare til naboherradet Årstad i sør.

I 1851 fekk han hjelp av britane til å starte Det Bergenske Dampskibsselskab som skulle spele ei viktig rolle i rute- og linjefart i Bergen i meir enn 100 år. Dette var ei økonomisk vanskeleg tid for Bergen og motstanden til oppstarten av selskapet var stor. Enno større var motstanden til planane hans om eit skipsverft i Solheimsviken i Bergen. Han fekk likevel startkapital og starta Bergen Mekaniske Verksted i 1855. Same året starta han òg Bergens Privatbank.

Verdt å merke seg er at det var først då han var i 50-60-årsalderen at han starta den store innsatsen for handel, skipsfart og industri i Bergen.

Krohn vart vald som suppleant til Stortinget 1845, 1854 og 1857, men var lite interessert for rikspolitikk. Han sat derimot i bystyret i Bergen i fleire år frå 1839. Her arbeidde han hardt for å skaffe Bergen offentleg vassleidning, noko som kom til i 1855. Året etter var han med på å starte eit lite gassverk i 1849, som var det første i Bergen. Krohn var medlem av børskomitéen i byen 1848 til 1856, sekretær i losjen Den Gode Hensigt og medlem i Det Nyttige Selskab frå 1817. Han var òg austerriksk konsul frå 1829.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]