Michael Lebowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Lebowitz
Fødd27. november 1937
Newark
Død19. april 2023
NasjonalitetUSA
Yrkehandelsskulekandidat, faglitterær forfattar, samfunnsøkonom, universitetslærar
InstitusjonarSimon Fraser University
Alma materUniversity of Wisconsin–Madison
EktefelleMarta Harnecker

Michael Lebowitz (27. november 193719. april 2023) er ein amerikansk marxistisk økonom og forfattar. Han er fødd og oppvaksen i Sambandsstatane. Etter å ha studert i heimlandet fekk han ei undervisningsstilling ved Simon Fraser University i Vancouver i Canada, der han i dag er professor emeritus. Han var tidlegare medlem av det sosialdemokratiske partiet New Democratic Party, og sat m.a. ein periodei partileiinga før han melde seg ut på grunn av det einsidige fokuset dei hadde på parlamentarisk arbeid. Dei siste åra har Lebowitz budd i Venezuela, der han er ein aktiv deltakar i den bolivariske revolusjonen.

Det mest kjende verket til Lebowitz er Beyond Capital, som kom ut i 1992. Ei ny utgåva av boka kom ut i 2003, denne utgåva fekk han prisen Isaac and Tamara Deutscher Memorial Prize for i 2004. I 2006 kom boka Socialism: Build it now. Denne boka kom i 2007 ut i ei norsk utgåva under tittelen Sosialisme skapes ikke i himmelen.

Michael Lebowitz er far til forfattaren Rachel Lebowitz.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.