Michael Melchior

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Melchior

Fødd31. januar 1954 (70 år)
København
Statsborgar avNoreg, Israel
Yrkepolitikar, rabbinar
FarBent Melchior
BarnJair Melchior
Alle verv
  • Israels viseutenriksminister (2001–2002)
  • Knesset-medlem (1999–2009) Sjå dette på Wikidata

Michael Melchior (fødd 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet).

Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han i fleire år var overrabbinar.

Sidan 1985 har Michael Melchior og familien hans hovudsakleg budd i Israel. I 1999 vart han vald inn i Knesset som representant for Meimad og han vart attvald i 2003. Frå 1999 til 2001 var han minister for det israelske samfunnet og for det jødiske verdssamfunnet. I perioden frå 1999 til 2002 var han i tillegg viseutanriksminister.