Michael Tetzschner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Tetzschner

Michael Tetzschner på Høgre sitt landsmøte 2010.
Foto: Kjetil Ree
Fødd9. februar 1954 (70 år)
København
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
EktefelleKristin Clemet
BarnJenny Clemet von Tetzschner
VervByrådsleiar i Oslo 1989–1992
FøregangarHans Svelland
EtterfylgjarRune Gerhardsen
VervLeiar av Oslo Høgre 2006–2012
FøregangarHeidi Larssen
EtterfylgjarNikolai E. Astrup
VervStortingsrepresentant 2009–
Alle verv

Michael Christian von Tetzschner[1] (fødd 9. februar 1954 i København) er ein norsk advokat og politikar (H). Han sat i Oslo bystyre frå 1975 til 1999. Tetzschner vart medlem av byrådet i 1986, og var byrådsleiar i Oslo frå 1989 til 1991. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2009.

I 1995 trekte Tetzschner seg frå aktiv politisk deltaking, etter at han og Oslo Høgre hadde avvist byrådssamarbeid med Framstegspartiet. Etter mange års fråvær annonserte han i januar 2006 at han atter ville engasjere seg i politikken, og vart vald til leiar av Oslo Høgre 21. januar 2006, som etterfølgjar for Heidi Larssen. Gustav Heiberg Simonsen var motkandidat. I februar 2009 vann Tetzschner ei kampvotering mot Inge Lønning om tredjeplassen på Oslo Høgre si liste ved stortingsvalet i 2009. Plassen vart sett på som sikker, og ved stortingsvalet fekk også fjerdekandidat Nikolai E. Astrup stortingsplass.

Han er gift med Kristin Clemet, og dei har to barn. I tillegg har han to eldre søner med Berit Tetzschner. Som åtteåring vart han foreldrelaus og flytta frå København til besteforeldra på Smestad i Oslo.[2] Tetzschner er onkel til Opera-grunnleggjar Jon Stephenson von Tetzchner (merk manglande s i etternamnet).

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Portrettintervju i Dagens Næringsliv 1995-11-04. I Advokatbladet 2006-02-02 uttalar han at han heiter Michael von Tetzschner, men at han berre nyttar «von» på offisielle papir.
  2. Dagens Næringsliv og VG 1995-11-04.