Michael Velo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Velo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1851
Jevnaker
Død

14. november 1929 (78 år)
Larvik

Yrke politikar, lærar, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Samlingspartiet

Michael Velo (22. mai 185114. november 1929) var ein norsk lærar, forretningsmann og politikar for Høgre og Samlingspartiet, fødd på Jevnaker.

Velo var son til gardbrukarar på garden med same namn i Jevnaker. Han gjekk seminaret i Asker og vart seminarist i 1869. Dei neste 13 åra arbeidde han som lærar, frå 1874 i Larvik. Sidan etablerte han seg som forretningsmann i Larvik der han frå 1898 var disponent for Larvik potetmjølfabrikk.

Velo var medlem av bystyret i Larvik frå 1889 til 1909, ordførar 1893-1901 med unnatak for 1898. Perioden 1906-09 representerte han Samlingspartiet og bykrinsen Larvik og Sandefjord på Stortinget, etter å ha vunne stortingsvalet mot ein Arbeidarparti-kandidat og to Venstre-kandidatar. På Tinget var han medlem av protokollkomiteen. Til stortingssamlingane 1895-97 og 1903-06 var han varamann for Høgre, vart ikkje innkalla. Han var elles styremedlem i Norges Brannkasse frå 1897.

Han døydde i Larvik, 78 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]