Michaela Dorfmeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michaela Dorfmeister


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 25. mars 1973 (50 år)
Wien
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Utfor kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Super-G kvinner

Utmerkingar

stort utmerkelse for fortjenster for republikken Østerrike

Michaela Dorfmeister (fødd 25. mars 1973) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Wien som vann verdscupen i alpine greiner 2002. Ho vann VM-gull i 2001 og i 2003, og to OL-gull i 2006. I verdscupen sikra ho seg også sigeren i utforcupen i 2003 og 2006, super-G-cupen i 2005 og 2006, og storslalåmcupen i 2000-sesongen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dorfmeister debuterte i verdscupen i 1991. Den 16. desember 1995 vann ho eit utforrenn i St. Anton, den fyrste av i alt 25 rennsigrar i verdscupen. Men det skulle gå heilt til mars 1999 før ho fekk sin andre.

Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok Dorfmeister sølvmedaljen i super-G, eitt hundredels sekund bakom vinnaren Picabo Street frå USA. Året etter lukkast ho få med seg to medaljar heim frå i VM i alpine greiner 1999 i USA, fyrst tok ho bronsemedaljen i super-G, fire dagar etter fekk ho sølvmedaljen i utfor.

I 2000 vann ho sin fyrste FIS-pokal då ho viste seg som den beste kvinnelege storslalåm-rennaren i verda. Sesongen etter vart ho verdsmeister i utfor under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton.

Dorfmeister vann ein suveren siger i verdscupen i alpine greiner 2002. Ho fekk 1271 poeng, medan landskvinna Renate Götschl på andreplassen stoppa på 931 poeng. Men Dorfmeister lukkast ikkje å vinne medaljar i Vinter-OL i Salt Lake City, hennar beste plassering i ei OL-tevling i 2002 vart ein fjerdeplass i storslalåm.

Ho tok sin andre VM-tittel då ho vann super-G under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz. 2003-sesongen under eitt var ho den beste kvinnelege utfor-rennaren i verda, ein prestasjon ho gjentok i 2006. Dessutan viste ho seg som den beste kvinnelege super-G-utøvaren i både 2005- og 2006-sesongen.

Dorfmeister vann gullmedaljen i utfor under Vinter-OL 2006 i Torino. Fem dagar etter utfortevlinga vart ho olympisk meister også i super-G. Begge tevlingane vart avvikla i Cesana Torinese, ein fjell-kommune 97 kilometer vest for Torino. Sin siste siger i eit verdscuprenn kunne ho bokføre i Øyer kommune då ho 3. mars 2006 vann ei super-G-tevling i Hafjell. Ho la opp etter OL-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]