Michel Petrucciani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michel Petrucciani
Fødd28. desember 1962
FødestadOrange
Død6. januar 1999 (36 år)
DødsstadNew York by
OpphavFrankrike
Aktiv1975–1999
Sjangerjazz, cool jazz
Instrumentpiano
PlateselskapBlue Note, Disques Dreyfus
Verka somjazzpianist, komponist, plateartist
FarTony Petrucciani
Prisaroffiser av Den nasjonale fortjenstorden
Grava til Michel Petrucciani, på kyrkjegarden Père Lachaise

Michel Petrucciani (28. desember 19626. januar 1999) var ein fransk jazzpianist.

Faren, Tony Petrucciani, var jazz-gitarist. Sonen fekk skolering i klassisk musikk, men opptredde likevel frå 13-årsalderen offentleg som jazz-musikar. Han spelte tidleg med Kenny Clarke og Clark Terry og drog til Paris i 1979 og fekk utgjeve debutalbumet Flash året etter. I 1982 flytta Petrucciani til California og starta eit nært samarbeide med Charles Lloyd, mellom anna spela dei på Montreux Jazz Festival. Han fekk kontrakt med det vidgjetne jazz-forlaget Blue Note, den første innspelinga der var hans første solo-plate, 100 hearts. Seinare kom mellom anna den kjente Power Of Three med Petrucciani på piano, Wayne Shorter på saksofon og Jim Hall på gitar.

Spelestilen hans var tidleg påverka av Bill Evans, men han var òg samanlikna med Keith Jarrett.

Petrucciani fekk Prix Django Reinhardt i 1982, og den franske Æreslegionen i 1992. Han hadde den medfødde skjelett-lidinga osteogenesis imperfecta og var derfor uvanleg kortvokst. Tidleg i karrieren måtte han berast av og på scena, etter kvart klarte han seg med krykker. Han døyde av lungebetennelse, ein komplikasjon til sjukdommen. Petrucciani er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Viktige plater[endre | endre wikiteksten]

Plater under eige namn[endre | endre wikiteksten]

  • Flash (1980)
  • Michel Petrucciani Trio (1981)
  • Date with Time (1981)
  • Michel Petrucciani (1981)
  • Oracle's Destiny (1982)
  • Toot Sweet (1982), Owl (mit Lee Konitz)
  • 100 Hearts (1983)
  • Live at the Village Vanguard (1984)
  • Note'n Notes (1984)
  • Cold Blues (1985)
  • Pianism (1985)
  • Power of Three (1986), med Wayne Shorter og Jim Hall
  • Michel plays Petrucciani (1987)
  • Music (1989)
  • The Manhattan Project (1990) med Wayne Shorter, Stanley Clarke, Lenny White, Gil Goldstein og Pete Levin
  • Playground (1991)
  • From the Soul (1991) konsertopptak 28. desember, 1991 med Joe Lovano
  • Promenade with Duke (1993)
  • Marvellous (1994)
  • Conference De Presse (med Eddie Louiss) (1994)
  • Darn that Dream (1996)
  • Flamingo (med Stephane Grappelli) (1996)
  • Au Theatre Des Champs-Elysees (1997)
  • Both Worlds (1998, med Stefano Di Battista)
  • Solo Live in Germany (1998)
  • Estate (1999)
  • Live in Tokyo, med Steve Gadd og Anthony Jackson (1999)
  • Bob Malach & Michel Petrucciani (2000)
  • Concerts Inédits /Live (2000)
  • Conversation, med faren Tony Petrucciani (2001)
  • Days of Wines and Roses - The Owl Years 1981-1985 (2001)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]