Michimalonco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michimalonco

Fødd1500
Død1550

Michimalonco eller Michimalonko (kring 151022. februar 1550) var ein mapucheleiar som baud spanjolane på hardnakka motstand under erobringa av mapucheterritoria midt i dagens Chile mellom 1540 og fram til han var drepen i kamp i 1550. Han var truleg fødd rundt 1510 og dominerte ein stor del av Aconcagua-dalføret saman med broren Trangoloco. Det er skriven i spanske krønike at han sannsynlegvis hadde utdanning frå Cuzco, hovudstaden i inkariket.

Namnet «Michimalonko» er mapudungún for 'eldhovudet'.

Som ein caudillo for alle dei innfødde troppane i område leidde han åtaket og øydelegginga av den nye spanske byen Santiago de la Nueva Extremadura den 11. september 1541. Bakgrunnen for at dei gjekk laus på byen var at spanjolane hadde kidnappa sju caciquear, alle sju vart halshogne medan kampane gjekk føre seg. Talet på innfødde stridande er rekna til mellom 8 000 og 20 000. Kolonistane hadde knapt 100 krigarar i Mapocho-dalen. Forsvaret av byen vart leia av Inés de Suárez som samla troppane i ei festning på Huelén-åsen (i dag kjent som Santa Lucía).

Saman med Lautaro og Caupolicán var Michimalonco den sterkaste leiaren i forsvaret av mapuche-territoriet mot den spanske invasjonen under erobringa av Amerika før 1550. Han kjempa tappert mot Pedro de Valdivia i ein krig som varte ved gjennom mange år. Michimalonco døydde i slaget ved Andalién, nær byen Concepción i 1550.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]