Mick Gallagher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mick Gallagher
Mick Gallagher Photo Ph.BRIZARD.jpg
Gallagher på turne med «Animals and Friends»
Frankrike 2008.
Fødenamn Michael William Gallagher
Alias Mickey Gallagher
Fødd 29. oktober 1945 (69 år)
Newcastle upon Tyne i England
Instrument Klaverinstrument og piano
Sjanger Rock, punkrock, reggae, rock and roll
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Ian Dury, Blockheads, The Animals, Skip Bifferty, Peter Frampton, Cochise, Topper Headon, The Clash, Arc, The Animals and Friends, Loving Awareness, The Chosen Few
Kjende instrument
Hammondorgel

Michael William «Mick» Gallagher (fødd 29. oktober 1945) er ein britisk hammondorgel-spelar og best kjend som medlem av Ian Dury and the Blockheads[1] and og for bidraga sine til to album av the Clash. Han har òg skrive musikk for filmar som Extremes (1971) og After Midnight (1990), samt Broadway-stykket Serious Money (1988).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mick Gallagher starta karrieren sin med The Unknowns. Han spelte med the Animals i 1965, og erstatta då Alan Price. Han gjekk så vidare og starta The Chosen Few, der han spelte i lag med Alan Hull, som seinare starta Lindisfarne. Andre musikarar han var knytt til var Skip Bifferty, Peter Frampton's Camel og Cochise.[2]

Han vart så medlem av Ian Dury and The Blockheads. Han spelte på to av dei mest innverknadsrike albuma til The Clash, London Calling (1979) og Sandinista! (1980),[3] og spelte konsertar med bandet. Han spelte òg på det siste albumet deira, Cut the Crap (1985), men står ikkje oppført i omslaget for dette.

Gallagher arbeidde med Clash-trommslagar Topper Headon igjen då dei spelte inn Headon sitt Waking Up (1986), i lag med Bobby Tench og Jimmy Helms. Han har òg spelt med Paul McCartney, Robbie Williams, Dave Stewart og Annie Lennox. I nyare år har han spelt med The Blockheads og John Steel sitt The Animals and Friends.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mick Gallagher biography». theblockheads.com. http://www.theblockheads.com/biog.php. Henta 26 March 2008. 
  2. «Mick Gallagher». allmusic.com. http://www.allmusic.com/artist/p78569. Henta 15. desember 2011. 
  3. «Clash albums». allmusic.com. http://www.allmusic.com/artist/p3913/discography. Henta 15. desember 2011.