Mick Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mick Taylor
Mick Taylor 1984.jpg
Verkeleg namn Michael Kevin Taylor
Alias Little Mick
Fødd 17. januar 1949
Welwyn Garden City, England
Instrument Gitar, vokal
Sjanger Blues-rock, rock
Aktive år 1965 - til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytt artistar John Mayall's Bluesbreakers, The Rolling Stones
Plateselskap Columbia, Decca, Rolling Stones, Atlantic, EMI, Virgin, CBS
Kjende instrument
Gibson Les Paul
Gibson SG

Michael «Mick» Kevin Taylor (fødd 17. januar 1949 i Welwyn Garden City i Hertfordshire) er ein engelsk musikar som er mest kjend som tidlegare gitarist i The Rolling Stones.

Taylor vart med i The Rolling Stones i 1969 etter at Brian Jones hadde fått sparken, men gav seg alt i 1974, og vart då erstatta av Ronnie Wood.

Han starta å spele gitar alt som niåring og som tenåring danna han band i lag med kameratane kalla The Juniors (eller the Strangers). Dei fekk gjeve ut ein singel og hadde ei framføring på TV. Delar av bandet danna seinare gruppa The Gods som i 1966 varma opp for Cream.

Då Taylor var 16 år gammal (1965) hadde han ein kveld kome for å sjå John Mayall & the Bluesbreakers i Hatfield saman med nokre bandkameratar. Eric Clapton, som spelte i bandet då, møtte ikkje opp, og etter at Taylor hadde snakka med Mayall i pausen, enda han på scenen som gitarist på gitaren til Clapton.

Taylor vart kjend som eit musikalsk vindunderbarn og vart spurt om å verte med i the Bluesbreaker etter Peter Green gav seg. Før han fylte 18, spelte Taylor inn album og turnerte saman med den engelske blues-pioneren John Mayall. Frå 1966 til 1969 utvikla Taylor sin flytande, følsame og bluesbaserte gitarstil.

Då Brian Jones fekk sparken i the Stones, måtte dei ha ein ny gitarist og Jagger spurte John Mayall om råd. Han anbefalte Mick Taylor, som kom på prøvespel og fekk jobben. Ikkje mange år seinare følte han at The Rolling Stones var på veg inn i ein blindveg musikalsk sett og narkotikaproblema deira hadde vorte større. I tillegg vart han ikkje tilskriven som medlåtskrivar på enkelte av songane, og han følte han hadde fått nok og forlet bandet etter albumet It's Only Rock 'n' Roll kom ut i 1974.

Bandet vart særs overraska då Taylor fortalte at han forlet bandet. Jagger har seinare fortalt at han aldri har fått vite årsaka til at han forlet bandet, men at han syntest Taylor hadde viktige bidrag til bandet, mellom anna med å gjere det meir melodiøst. Han sa òg at det er mange som meiner perioden med Taylor i bandet var den beste perioden til the Stones.[1]

I tida etter Stones spelte Taylor med fleire artistar, mellom andre Mike Oldfield, Carla Bley og Little Feat. Det første soloalbumet hans kom i 1979, før han la ut på turne med Alvin Lee frå Ten Years After og i 1983 spelte han med Bob Dylan, på albumet hans Infidels.

Album[endre | endre wikiteksten]

Med The Rolling Stones[endre | endre wikiteksten]

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • Mick Taylor (1979)
  • Stranger in This Town (1990)
  • Too Hot for Snakes (1991) (Carla Olson & Mick Taylor)
  • Stone's Throw (2000)
  • 14 Below (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wenner, Jann S. (14. desember 1995). «Jagger Remembers».