Mickey Baker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mickey Baker

Mickey Baker i 1982
Fødd15. oktober 1925(1925-10-15)
FødestadLouisville, Kentucky, United States
Død27. november 2012 (87 år)
Dødsstadnær Toulouse i Frankrike
FødenamnMacHouston Baker
OpphavUSA
Aktiv1950-åra til 1980-åra
SjangerR&B, jazz, rock and roll
Instrumentgitar
PlateselskapSavoy Records
Verka somgitarist

MacHouston Baker[1] (15. oktober 192527. november 2012), kjend som Mickey Baker og Mickey «Guitar» Baker, var ein amerikansk gitarist. Han var særs viktig i å byggje bru mellom rhythm and blues og rock and roll, i lag med Bo Diddley, Ike Turner og Chuck Berry.[2]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Baker var fødd i Louisville i Kentucky.[3] Mora var svart, og faren, som han aldri møtte, skal ha vore kvit.[4] Sjølv hadde han mørk hud og raudt hår.

I 1936, 11 år gammal, vart Baker sett på ein barneheim. Han rømde ofte og måtte hentast av dei tilsette frå St. Louis, New York City, Chicago og Pittsburgh. Til slutt slutta barneheimen å leite etter han og frå han vart 16 år gammal vart han verande i New York City. Han arbeidde mellom anna som oppvaskar. 19 år gammal valde han å bli jazzmusikar. Trompet var førstevalet hans, men han hadde berre spart opp 14 dollar, og kunne ikkje finne anna enn gitarar til den prisen.[5]

Han byrja å gå på The New York School of Music, men syns dei gjekk for seint fram. Han slutta på skulen og byrja å lære seg sjølv, men gav opp etter kort tid. Seks månader seinare møtte han ein gategitarist, som inspirerte han til å byrje og spele att. Han tok privattimar hos forskjellige lærarar dei neste få åra.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Innan 1949 hadde Baker fått sin eigen combo, og byrja å spele betalingsjobbar. Han valde å flytte vestover, men fann ut at publikum der ikkje var like mottakande for progessive jazz. Baker var stranda utan arbeid i California då han såg eit show av bluesgitaristen Pee Wee Crayton.[6] Baker sa om møtet:

Eg spurte Pee Wee, 'Meiner du at du kan tene pengar med å spele det greiene der på gitar?' Her køyrde han rundt i ein stor, kvit Eldorado og hadde ein stor buss for bandet sitt. So eg starta å bøye strengane. Eg svelta neste i hel, og bluesen var det einaste som skaffa meg pengar då.

Han fann nokre få spelejobbar i Richmond i California, og tente akkurat nok pengar til å reise attende til New York.[5]

Etter å ha reist austover, byrja Baker å spele inn musikk for Savoy, King og Atlantic Records. Han spelte på innspelingar med Doc Pomus, The Drifters, Ray Charles, Ivory Joe Hunter, Ruth Brown, Big Joe Turner, Louis Jordan, Coleman Hawkins, og mange andre artistar.[7] På denne tida spelte Baker (i lag med anten Paramour Crampton eller Connie Kay på trommer, Sam «The Man» Taylortenor og Lloyd Trotman på bass) på fleire hittar for Atlantic, Savoy og King.

Han var inspirert av suksessen til Les Paul & Mary Ford og danna popduoen Mickey & Sylvia (med Sylvia Robinson, ein av gitarstudentane hans) i midten av 1950-åra.[6] I lag fekk dei hitsingelen «Love Is Strange» i 1956.[6] Duoen gav seg seint i 1950-åra, men arbeidde sporadisk i lag fram til midten av 1960-åra.[2]

Det var på denne tida han flytta til Frankrike, der han arbeidde med Ronnie Bird og Chantal Goya og spelte inn nokre soloalbum.[2] Han vart verande i Frankrike resten av livet. Fram til han dødde var Baker sjeldan utan arbeid.

Baker spelte i 1975 på Roskildefestivalen.

I 1999 fekk Baker ein Pioneer-pris frå Rhythm and Blues Foundation.

I 2003 vart oppført på 53. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[8]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Han gav ut ein lærebokserie kalla Complete Course in Jazz Guitar som framleis vert nytta av mange jazzgitaristar verda over.

Studioarbeid[endre | endre wikiteksten]

Gitaren og stundom stemma hans, er å høyre på følgjande innspelingar:

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Wildest Guitar (1959)
  • But Wild (1963)
  • Mississippi Delta Dues (1973)
  • Take A Look Inside (1973)
  • The Legendary Mickey Baker (1992)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Baker's entry on the ASCAP database». The American Society of Composers, Authors and Publishers. Arkivert frå originalen 4. april 2012. Henta 20. september 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Unterberger, Richie (15. oktober 1925). «Mickey Baker - Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. Henta 15. juli 2015. 
  3. «Baker's entry at imdb.com». The Internet Movie Database. Henta 20. september 2008. 
  4. «Mickey Baker, Guitarist, Is Dead at 87». The New York Times. Henta 15. juli 2015. 
  5. 5,0 5,1 tekst i omslag for The Legendary Mickey Baker by Stefan Grossman
  6. 6,0 6,1 6,2 Russell, Tony (1997). The Blues - From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books Limited. s. 89. ISBN 1-85868-255-X. 
  7. Mickey Baker (15. oktober 1925). «Mickey Baker - Credits». AllMusic. Henta 15. juli 2015. 
  8. «100 Greatest gitarists: David Fricke's Picks: Mickey Baker». Rolling Stone. Henta 15. juli 2015. [daud lenkje]
  9. Whitall, Susan (2011). Fever - Little Willie John - A Fast Life, Mysterious Death and the Birth of Soul. London: Titan Books. s. 60. ISBN 978-0-85768-137-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]