Midžor
| Midzhur/Midžor | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 2169 moh |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Balkanfjella |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Midzhur (bulgarsk Миджур) eller Midžor (serbisk Миџор) er eit fjell i Balkanfjella på grensa mellom Serbia og Bulgaria. Med ei høgd på 2169 meter over havet er toppen den høgaste i dei vestlege Balkanfjella, samt Serbia (om ein ser bort frå Kosovo). Midzhur er det tolvte høgaste fjellet i Stara Planina. Sjølve toppen ligg i Bulgaria, berre få meter unna grensa mellom dei to landa.
Sidan tidleg i 1990-åra har Midzhur vore tilgjengeleg for turistar frå begge sider, men tidlegare var toppen eit forbode grenseområde. På den bulgarske sida kan ein nå toppen frå landsbyen Gorni Lom. Chuprene biosfærereservat, som er verna av UNESCO, liggvest for toppen. Fjellet er ein av få stader i Bulgaria der tiur framleis hekkar.
Kjelda til Lom ligg ved foten av fjellet. Fleire små vasskraftverk er i drift langs elva nær Midzhur. Ein må ha spesialløyve frå grensepolitiet i Sofia for å gå til toppen av fjellet.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Midzhur» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: