Mellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Middelalderen)
Gå til: navigering, søk
Bondeopprør i mellomalderen.
Bondeopprør i mellomalderen.

Mellomalderen er det me kallar tidsrommet mellom antikken (i Noreg vikingtida) og nyare tid. Mellomalderen grensar mot renessansen i generell europeisk historie. I noregshistoria er det vanleg å definere sluttpunktet for mellomalderen noko seinare — sjå nedanfor.

Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.

Innhaldsliste

[endre] Periodar

Overgangen frå antikk tid til tidleg mellomalder var prega av folkevandringar, der særleg grupper av germanske stammar drog rundt i Europa og skapte uro. Ei av stammene plyndra Roma for første gong i 475, noko som innebar slutten for Vestromerriket.

Ein kallar midtperioden i mellomalderen høgmellomalderen, og seier at han starta med kroninga av Karl den store i 800.

Den siste delen av tidsrommet kallar me seinmellomalderen, som starta omlag då Thomas Aquinas gav ut verket sitt Summa Theologica i 1273.

[endre] Mellomalderen i Noreg

Ein reknar gjerne med at den norske mellomalderen starta i år 1030, då landet blei kristna, og varte til reformasjonen i 1536.

[endre] Sjå au

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy